NRK Meny
Normal

Grunneigarane til motmæle etter kritikk

Grunneigarane i kraftlinestriden i Ålfoten i Bremanger meiner dei får skulda for at kraftlina blir forseinka. Dei meiner kritikarane bommar, og at det heller ikkje er sant at kraftforsyninga til midt-Noreg treng å vere truga.

Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

OPPGJER: Grunneigarane tek eit oppgjer med NHO og Statnett: – Feil å gje oss ansvaret for problema, og feil at det treng å verte ei utsetjing og fare for straumbrot i midt-Noreg, seier Lars Endre Myklebust. Frå venstre, Asbjørn Myklebust, Lars Endre Myklebust, Hilde Myklebust og Brynjar Myklebust.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Grunneigar Lars Endre Myklebust meiner det vert feil av NHO å peike på grunneigarane når dei klagar over at Ørskog-Fardal lina gjennom fylket blir forseinka.

Etter å ha bruk vel tre millionar kroner på advokatar vann grunneigarane fram i lagmannsretten og vedtaket om kraftline gjennom Myklebustdalen er ugyldig. Konsekvensen er at 100 millionar kroner kan ha gått i vasken og at næringslivet og kraftselskap kan tape millioninntekter.

– Vi opplever dette som eit press. Når vi då ser at sentrale personar ber om at dei køyrer vidare i same trasé, opplever vi det som merkeleg, seier Myklebust.

Bortkasta pengar og kraftutbyggingar på vent

Ni grunneigarar i Ålfoten har på eiga hand pressa Statnett og regjeringa i kne. Etter årelang kamp og minst tre millionar kroner i advokatutgifter vann dei fram i lagmannsretten i juni i år.

Statnett måtte stogge alt arbeid på grunnen deira i Myklebustdalen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen

STOPP: Alt arbeid måtte stoppe, men Statnett hadde allereie gjort mykje arbeid i Myklebustdalen.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Dersom Statnett ikkje ankar, eller regjeringa ikkje gjer nytt gyldig vedtak, kan Statnett bli tvinga til å fylle igjen store område som er sprengt ut. Selskapet kan ha kasta vekk 100 millionar kroner i Myklebustdalen. I tillegg må store kraftutbyggingar stå på vent.

Men næringslivet, og blant dei kraftselskapa i fylket, likar situasjonen svært dårleg. NHO – sjef Jan Atle Stang kravde tidlegare denne veka at lina skal bli ferdig brennkvikt og at den skal gå der Statnett har byrja arbeidet.

– Det vil vere ein skandale visst ikkje ministeren får dette på gang igjen, sa Stang.

– Urettferdig at vi blir peika på

Lars Endre Myklebust meiner grunneigarane ikkje kan ta ansvar for stoda.

– Vi har heile tida forholdt oss til rettssystemet. Og vi føler at vi blir peika på, og at det blir sagt at vi skal bøye av. Det føler vi er ganske urettferdig, slik som saka står no.

Jan Atle Stang

IKKJE MEININGA: NHO-direktøren seier det ikkje var meininga å klandre grunneigarane. Han skuldar på den førre regjeringa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

NHO-sjef Jan Atle Stang seier han ikkje har meint å klandre grunneigarane i Myklebustdalen. Han meiner det er tidlegare regjeringa med Ola Borten Moe som må ta ansvaret for farsen i Ålfoten.

– Dette ligg på eit overordna politisk nivå. Det er der tabben er gjort, og det er der tabben må rettast opp, seier Stang

– Fare for store straumbrot

Grunneigarane i Myklebustdalen sin kamp i rettsapparatet gjer at kraftlina til Midt-Norge kan bli minst eitt år forseinka. Ni månaders byggearbeid i Myklebustdalen kan vere tapt, og no brukar Statnett og Olje og energidepartementet lang tid på å bestemme kva dei skal gjere.

Martha Hagerup Nilson

STRAUMBROT: Martha Hagerup Nilson har sagt at det er fare for at det ikkje vert nok straum i området.

Foto: Statnett

Kommunikasjonssjef i Statnett Martha Hagerup Nilson sa nyleg til NRK at forseinking av 420-kilovoltslina kan gi aukande fare for store straumbrot i Midt-Norge.

– Så vil det kunne oppstå ein spent kraftsituasjon – rett og slett ikkje er nok straum i området, sa Hagerup Nilson.

– Feil, det treng ikkje truge kraftsituasjonen

Men grunneigarane seier at byggestoppen av kraftlina gjennom Myklebustdalen ikkje treng ikkje å truge kraftsituasjonen i Midt-Norge.

– Slik vi ser det, og slik vi har analysert det, så meiner vi at det blir feil, seier grunneigar Lars Endre Myklebust.

Han meiner at ein både kan sikre nok straum til Midt-Norge og på sikt få kopla på kraftproduksjonen i området rundt. Det kan skje ved å bygge lina raskt gjennom nabodalføret, i fyrste omgang utan å vente på transformatorstasjon.

– Du kan bygge på dei to andre traseane, og vere klar innafor fristen, med å gjere følgjande: Du kan bygge ei linje gjennomgåande, for fyrst å sikre energitilførselen til midt-Noreg. Deretter bygger du trafostasjonen som då vil stå ferdig før eventuelle nye kraftprosjekt i regionen, seier Myklebust.

Martha Hagerup Nilson i Statnett seier dei må vente på ei avklaring. Før den er på plass, vil ikkje Statnett spekulere i alternative traseval.

– Når vi først veit kva vi får, kan vi også seie noko om framdrifta, seier Hagerup Nilson

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote