Han seier dei er svært glade for den aktiviteten møllene representerer. Vi har ikkje så mykje å bruke området til, så vi vil gje SFE nokså frie tøylar, seier han.
- Ikkje så synlege
Sogn og Fjordane Energi vil byggje ein vindmøllepark til 250 millionar kroner på Stadlandet. Parken skal ligge nordvest for Leikanger, og kan forsyne 5500 husstandar med straum. Planane blir lagde fram berre vel to år etter at Statkraft måtte legge vekk sine planar på Hoddevikfjellet - lenger vest på Stadlandet. Johan Borgundvåg seier han ikkje kan forstå at møllene på den nye staden kan verke skjemmande. - Det er lite folk som går der, og det er ikkje synleg for så mange, seier han.
- Vi kan ikkje leve av frisk luft og nordavind. Det seier Ole Brandal. Han trur SFE vil utvide parken viss dei får lov til å byggje dei første møllene. Dei byggjer ikkje veg opp på fjellet, og gir seg med fem eller tjue møller, meiner han.
Positiv ordførar
NRK © 1998
Ordførar Gunn Helgesen i Selje er ein av dei som ivrar for å utnytte vinden på Stadlandet. Ho gjekk likevel i mot planane som Statkraft i si tid hadde. Denne gongen meiner ho at Sogn og Fjordane Energi har funne den rette staden.
- I forhold til kulturminne og kulturlandskapet, så er møllene meir skjult der dei er foreslått plassert no, seier ho.