Grunneigar: Begge toaletta på Stegastein har vore stengde for turistane

Krangelen om turist-dassane på dei nasjonale turistvegane held fram. Grunneigaren på Stegastein i Aurland meiner at Statens vegvesen i beste fall er feilinformert om dei grisete forholda.

Toalettpapir i naturen - Stegastein

SKIT I NATUREN: Ved Stegastein har folk gjort frå seg i ly av buskene siste veka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I reportasjar i NRK har seksjonsleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen sagt at det berre var eitt av to toalett som var ute av stand på Stegastein. Stenginga har ført til at folk har gjort frå seg i naturen rundt utsiktspunktet.

– Det rette er at begge har vore stengde, og det har dei vore sidan før helga, seier Kvam.

Yttri sa også at dei måtte vente på reservedelar, og at det difor tok tid. Kvam seier at iallfall det eine toalettet vart reparert på kort tid når røyrleggar først vart tilkalla, og utan bruk av reservedelar.

Eivind Yttri

FEILINFORMERT? Seksjonsleiar Eivind Yttri i Statens vegvesen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Eivind Yttri seier at dette er noko han må ta opp med entreprenøren som har anbodet på vedlikehald på vegane i området, Presis vegdrift.

– Eg tek desse signala på alvor og vil sjølvsagt sjekke opp i dette. Dersom det viser seg at det har vore meir stenging enn det eg har fått opplyst, vil eg undersøke det vidare. Om det er slik at ting kan løysast utan bruk av reservedelar, så er det viktig at responstida er så kort som mogeleg.

Toalett Vatnasete - Presis vegdrift

PRESIS VEGDRIFT: Det er selskapet Presis vegdrift AS som har anbodet på vedlikehald på vegane i området. Her er ein tilsett på jobb på Vatnasete.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vil ha inn mobilt toalett

Geir Ove Kvam passerer Stegastein dagleg og har god informasjon om tilstanden. Han seier at kapasiteten på toaletta ikkje er god nok.

– På kort sikt bør dei ha ein beredskap, kanskje dei bør sette opp eit mobilt toalett når ting skjer, og det er noko dei kan få på plass i løpet av få timar.

Seksjonsleiar Yttri i Statens vegvesen seier at det er ei aktuell løysing.

– Vi er i dialog med Aurland kommune. Eg håpar at vi får ei avklaring i løpet av torsdagen om vi får på plass eit slikt toalett i tillegg til dei faste toaletta.

Mobilt toalett Vatnasete

MOBILT TOALETT: På Vatnasete i Sogndalsdalen har det kome på plass eit mobilt toalett. No kan det skje også på Stegastein.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kan ikkje vente til neste år

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord sa til NRK torsdag morgon at dei arbeider med ein plan for å få ei god løysing på toalettilbodet langs turistvegane til neste sesong.

Grunneigar Geir Ove Kvam seier det ikkje er godt nok.

– Dette må vere i orden også for dei turistane som kjem hit i sommar. Det er ikkje haldbart at toaletta er stengde i dagevis.

– Nesten dagleg kork på vegen

Han er også oppteken av at vegen frå Aurlandsvangen opp til Stegastein ikkje har kapasitet til å ta unna den store trafikken no i høgsesongen.

– Det er nesten dagleg at det er kork på vegen, det må Statens vegvesen gripe fatt i.

Stegastein-toalett

IDYLLISK Å SJÅ TIL: Toaletta på Stegastein ligg fint til, men har ikkje fungert som dei skal i det siste.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK