Området på Nokkaneset er på kring 14 dekar. Det ligg idyllisk til ved Sognefjord Hotell og er i følge Lie den aller beste plassen for eit badeland á la Bø i Telemark.
Det har ikkje vore mogeleg å få tak i grunneigaren, så det er ikkje klart kvifor han så brått har ombestemt seg.
Og det er ikkje den første bøygen i badelandplanene. Det var med nød og neppe at kommunepolitikarane til slutt stilte seg bak investoren. Og forskarar har slakta planene. Men Lie let seg ikkje knekke. Han gjev ikkje opp badelandsdraumen, han må berre flytte den til andre alternativ.