NRK Meny
Normal

Gründer startar ny verksemd i Luster

For to år sidan vart han sparka frå NTP Avery Dennison, hjørnesteinsbedrifta han grunnla og bygde opp. No startar Atle Gandrudbakken nytt selskap i same bransje i Luster.

Atle Gandrudbakken

STARTAR NY VERKSEMD: Gründer Atle Gandrudbakken

Foto: Eirik Hildal / NRK

NRK har ikkje lukkast å få tak i Atle Gandrudbakken, men næringssjef i Luster kommune, Olav Grov, seier dei no skal ha eit møte med gründeren.

– Då får vi nok vite meir om det som skal skje seier, Grov.

Fekk sparken

Atle Gandrudbakken grunnla og bygde opp det som i dag heiter NTP Avery Dennison og har 130 tilsette i Gaupne. Men, etter 25 år, sparka dei amerikanske eigarane han ut av bedrifta hausten 2013.

No startar Gandrudbakken opp att i same bransje, levering og trykking av merker og etikettar.

Konkurranse

Olav Grov

SKAL I MØTE: Olav Grov er næringssjef i Luster.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Næringssjef Olav Grov vedgår før møtet i dag, at kommunen er uroa over konkurransen mellom dei to bedriftene.

– Det er klart at NTP har hatt ei svært god utvikling. Dei er sjølvsagt i ein utanlandsmarknad, men framleis er 70 prosent av produksjonen deira på den norske marknaden. Når begge verksemdene er i same marknaden, og det kan gi grunn til uro.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå