NRK Meny
Normal

Grovsyklarlaug lagar sin eigen sti

TYSTADSTØYLEN I GLOPPEN (NRK): Medlemmene i Nordfjord Grovsyklarlaug gjer som namnet seier: Syklar på grovt underlag. Men då trengst det stiar – eigne stiar.

Pål Kristian Gimmestad og Håkon Schølberg

TUNGT ARBEID: Pål Kristian Gimmestad og Håkon Schølberg får verkeleg brukt nevane når dei bygger ny gang- og sykkelsti i bratta.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det kunne vore typisk arbeid for dei mange sherpaene som kvar sommar kjem til Norge for å bygge stiar og steintrapper. Høgt oppe i lia i Fjellbygda på Sandane er det berre to norske unggutar å sjå. Dei jobbar på spreng.

– Det er mykje arbeid. Det blir nokre hundre meter, konstaterer Håkon Schølberg lett andpusten mens junisola steiker.

Saman med Pål Kristian Gimmestad er han utstyrt med trillebårer og handmakt. Når dei er ferdige har glopparane fått seg ein ny sykkel og gangsti.

– Dette er ein sti vi har jobba med sidan i fjor sommar. Tanken er å legge råsa om rundt støylen for å kanalisere trafikken av syklistar og turgåarar bort frå støylsområdet, ut i ein meir berekraftig trasé, fortel Gimmestad.

Høyr radioinnslag med karane i Grovsyklarlauget:

Pål Kristian Gimmestad og Håkon Schølberg

HEKTA: Offroadsykling gir dei både naturopplevingar og god trim.

Foto: Harald Kolseth / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser