Hopp til innhold

Grov først og spurde etterpå

Vindmølleselskapet Kvalheim kraft har fått ei bot på 250.000 kroner for brot på naturmangfaldlova.

Vindmøllemontering Mehuken

BRAUT LOVA: Dette biletet er frå mai 2015, då arbeidet med Mehuken 3 var i gang.

Foto: Bjarne Eldevik

Bakgrunnen er at dei i 2014 i samband med utbygging av vindkraftparken Mehuken 3, grov og la røyr 23 meter inn i Movatna naturreservat i Vågsøy utan løyve.

Politiadvokat Magnus Engh Juel seier bota er så stor mellom anna for å førebygge slike inngrep.

Magnus Engh Juel

– SKAL IKKJE LØNE SEG: Politiadvokat Magnus Engh Juel.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi ser på kor alvorleg inngrepet er, og vi ser på kva økonomiske rammer det er for prosjektet. Det skal ikkje løne seg å ta seg til rette og gjere eit inngrep i eit naturreservat. Difor har vi prøvd å gi ei bot som viser at det svir å bryte reglane.

– Problematisk

Han meiner det er alvorleg når Kvalheim kraft grev, og først når inngrepet er gjort, seier frå.

– Det er sjølvsagt veldig problematisk når dei tek seg slik til rette, at dei ikkje først søkjer om eventuell dispensasjon. I staden gjer dei inngrepet, og i ettertid fortel dei styresmaktene kva som har skjedd, at dei var nøydde til å gjere det på grunn av utfordrande tilhøve i grunnen.

Engh Juel meiner Kvalheim kraft på den måten set miljøstyresmaktene i ein tvangssituasjon når dei på den måten blir bedne om å ettergodkjenne etter at inngrepet er gjort.

Dagleg leiar i Kvalheim Kraft, Olav Rommetveit, seier dei ikkje ønsker å kommentere saka.