Hopp til innhold

Grønt og godt frå hausten sine hagar

FØRDE (NRK): Med hausten kjem all grøda fram og lokkar oss til å ete sunnare enn sunnast.

Hausten er her med ferske grønsaker

FLOTTE FARGAR: Ferske grønsaker frå Mo er knasande godt.

– Det finst jo knapt noko betre enn heilt ferske og nyplukka grønsaker i alle variantar, seier NRK-kokk Steinar Lindstrøm.

Saman med reporter Gro Ravnestad tok han turen til den tradisjonsrike jordbruksskulen på Mo, ei mil utanfor Førde. Saman med elevar og lærarar fekk dei sanka saman alt frå raudlauk til tomatar og ulike beter.

– Dette er eit skattkammers. Ferske grønsaker kan ein bruke som ein matrett åleine, men like gjerne med kjøt eller fisk. Moglegheitene er store, men bruk gjerne god tid når du lagar mat frå botnen av, meiner Lindstrøm.

nrk.no/mat finns det mange oppskrifter på velje mellom.