Hopp til innhold

Grønt fokus på reiselivet

Flåm er turiststad nummer ein i fylket både sommar og vinter. – Skal veksten fortsette er det avgjerande å også tenke miljø, seier Solrun Hjelleflat, som er direktør for Aurland Ressursutvikling.

Turistar i flåm

TURISTSTAD: 1,4 millionar besøkjande vitjar kvart år turiststaden Flåm i Sogn.

Foto: Sigrid skjerdal / NRK

– Dei første turistane er komne for lengst, og samanlikna med i fjor har vi vekst i alle dei første månadane, seier Hjelleflat.

Reiselivet i på turiststaden i Sogn er i vekst og Hjelleflat reknar med ny rekord også denne sesongen.

– Det gler vi oss svært over, og april og oktober er full sesong for oss, seier Hjelleflat

Fjordane trekker

– Alle som kjem til Norge vil sjå fjordane. Det vi må gjere klokt er korleis vi handterer den verdiskapinga lokalt og skapar lokale arbeidsplassar, seier Hjelleflat.

Onsdag er ho til stades på næringskonferansen i Loen der temaet er konkurransekraft gjennom det grøne skiftet.

– Det er heilt avgjerande å tenke miljø innanfor reiselivsnæringa. Turistane kjem for å oppleve den reine naturen, og vi skal sikre arbeidsplassar, ikkje berre for i dag, men for dei neste 200 åra, seier Hjelleflat.

God utvikling

GRØNT FOKUS: Solrun Hjelleflat er direktør for Aurland Ressursutvikling.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Pengar i kassen

Aurland Ressursutvikling hadde fjor eit resultat på 40 millionar kroner. Noko som både gir rom for nye investeringar og utbytte til eigarane.

– Det er god butikk. Dette er ei fantastisk moglegheit, ikkje berre for Flåm men for heile Vestlandet til å skape ei ny næring som baserer seg på reiselivet.

I botnen ligg den grøne tanken. I Sogn skal batteridrivne «Vision of the fjords» i år frakte turistar på Nærøyfjorden.

– «Vision of the fjords» er eit bidrag til å bygge ein båt for det grøne skiftet. I tillegg har vi Flåmsbana som allereie går på fornybar energi.

Ikkje masseturisme

– Cruiseturismen har fått mykje kritikk, men vi treng volum for å få ein berekraftig økonomi. I tillegg må vi fordele dei reisande ut over dagen slik at vi ikkje får masseturisme, seier Hjelleflat.

– Men er det ikkje allereie masseturisme når de har 1,4 millionar besøkjande i Flåm?

– Det spørst korleis du klarar å ta i mot dei besøkande. Dersom det berre vert kø og kaos då er det masseturisme. Klarar du å få til ein flyt, der du får gjennomstrøyming og gjestene på tur, så er det ikkje mange gjester i Flåm midt på dagen.