Hopp til innhold

Han gler seg over at grønsakene veks godt i varmen, men no fryktar stadig fleire bønder turke

LÆRDAL/GLOPPEN (NRK): Per Hjermann sine tidlegpoteter har vakse raskt i varmen. Frukt og grønsaksbøndene gler seg over rekordtemperaturane i mai.

Per Hjermann

GODE AVLINGAR: Frukt- og potetbonden Per Hjermann i Lærdal frydar seg over rekordvekst i varmen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Spesielt potetene har vakse ekstremt fort i år. Eg trur nærast det blir rekord. Slik det ser ut no blir det opptak av tidlegpotetene før 16. juni, seier bonde Per Hjermann i Lærdal.

Han har 320 mål med frukt og grønsaker. Også i morellhagen veks det godt no i varmen. Også der reknar bonden med å starte haustinga tidlegare enn vanleg. Kanskje så tidleg som 20 juli.

– Vanlegvis byrjar vi kring 1. august, men i tillegg til at vi no har ein ekstra tidleg sort så ser det ut til at også resten kjem til å modne tidlegare enn vanleg, seier Hjermann.

Treng vatn, mykje vatn

Lærdal er kjent som ein av dei tørraste kommunane i landet, og dei er vane med lite nedbør. Difor må det vatnast, og vatnast mykje skal det gå bra med både poteter og morellar.

– Vi brukar nok kring ein million liter vatn i døgeret tenker eg, seier Hjermann.

Med så stort vatningsbehov er det godt å vite for bøndene at dei har meir enn nok vatn å hente i den kjende Lærdalselvi, som renn gjennom kommunen.

– Vi er godt forspente med vatn. Vi pleier å seie at dersom Vårherre ordnar med varmen, så skal lærdølane klare å ta seg av vatnet, seier Hjermann.

I frukthagen er det installert automatisk vatning, men i potetåkeren må han sjølv sørge for vatninga.

– Der har eg fire vatningsmaskiner som eg flyttar kvar dag, seier Hjermann.

Per Hjermann i potetåkeren

MÅ VATNAST: Potetene i Lærdal veks god i varmen, men treng vatn. Mykje vatn.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Håpar på regn

Medan mange jublar over finvêret, er det andre som no snart ønskjer seg regn. Fleire stadar i fylket fryktar bøndene at avlingane skal tørke vekk, dersom det ikkje kjem nedbør snart.

– Vi har hatt lite nedbør i heile år, og spesielt no i mai. Skal vi greie å berge avlinga så er det ikkje bøn, då må det vatnast, seier mjølkebonde Per Jarle Myklebust.

Per Jarle Myklebust

TRENG REGN: I Myklebustdalen i Gloppen treng bonde Per Jarle Myklebust regn skal han greie å berge grasavlinga på heile garden.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I Myklebustdalen i Gloppen går vatningsanlegget for fullt i rekordvarmen. For sjølv om høge temperaturar er bra for veksten, så er det slett ikkje bra at det vert for turt. Og turt er det så absolutt i Myklesbustdalen i år.

– Får ikkje graset nok vatn så går veksten attende. Får vi litt vind i tillegg no, så ser vi at grasproduksjonen minkar dag for dag, seier Myklebust.

– Er du uroa?

– Ja, no er eg uroa. Vi har kontroll på ein stor del av arealet vårt med vatningsanlegg, men vi skulle hatt vatn på alt, og det siste lyt Vårherre styre, seier Myklebust.

Mjølkebonden har 300 storfe, og for han er ei god grasavling forskjellen på eit vere eller ikkje vere.

– Å berge avlinga er det viktigaste av alt no om sommaren. Heldigvis har vi no eit godt vatningsanlegg og det har berga oss mange gonger dei seinare åra, seier Myklebust.