NRK Meny
Normal

Grønnevik har størst støtte som ny Høgre-leiar

Lokallaga har sagt sitt: Flest vil vraka Arve Mjømen og heller ha Vidar Grønnevik som ny leiar i Sogn og Fjordane Høgre.

Vidar Grønnevik

ØNSKT: Vidar Grønnevik frå Florø har størst oppslutnad som ny leiar i Sogn og Fjordane Høgre. Det er klart etter at lokallaga i partiet har sagt sitt til valnemnda.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Me vil gjerne ha Vidar Grønnevik som ny leiar, fordi han kan skapa ny giv, seier leiar Sissel Loen i Stryn Høgre.

Lokallaga til Høgre har no sendt inn sine forslag til ny leiing i fylkespartiet, og etter det NRK kjenner til vil flest lokallag vraka sitjande fylkesleiar Arve Mjømen frå Gulen og heller ha næringslivsmannen Grønnevik frå Florø.

Mjømen har støtte blant einskilde, men spesielt dei større lokallaga, som Sogndal, Flora og Stryn, peikar på Grønnevik knappe to månader før leiarvalet på fylkesårsmøtet.

Sissel Loen

VIL HA GRØNNEVIK: – Sogn og Fjordane Høgre treng ein ny giv fram mot stortingsvalet i 2017, seier leiar Sissel Loen i Stryn Høgre

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vil vraka Mjømen

– Mjømen har gjort ein god jobb, men fram mot stortingsvalet i 2017 treng me meir engasjement, òg i vår del av fylket, seier Loen.

Sogndal Høgre kunngjorde allereie i november at fire år med Mjømen er nok. Høgre gjekk markant tilbake i fylkestingsvalet i september, og fylkespartiet har fått kritikk for politikken regjeringa deira fører.

Gruppeleiar i Sogndal, Karin Vikane, sa i november at Mjømen hadde vore anonym og ikkje godt nok fått fram korleis Høgre-politikken har gagna Sogn og Fjordane.

Saknar distriktsrøyst

Også ved leiarvalet i 2014 ville partifolk vraka Mjømen då Flora Høgre køyrde Bjørn Hollevik fram som motkandidat.

Luster støtta Mjømen den gongen, men det gjer dei ikkje lenger. Gruppeleiar Geir Arve Sandvik meiner Grønnevik som fylkesleiar vil snakka med ei tydelegare distriktsrøyst som torer å utfordra regjeringa:

– Me må seia ifrå når me er usamde. Det har det vore litt for lite av i denne perioden.

Vagare om leiarkandidaturet

– Eg hevar ikkje røysta mot eiga regjering berre for å gjera det, svarar Arve Mjømen.

Arve Mjømen

MØTER MOTBØR: – Eg skal gi den meldinga til valnemnda i slutten av januar, svarar Arve Mjømen på spørsmålet om han framleis er leiarkandidat etter at lokallaga har sagt sitt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han meiner mange av omstillingane som Regjeringa har sett i gang, er naudsynte for at kommunane i Sogn og Fjordane skal ha gode og likeverdige tenester i framtida.

– Men det eg har vore mest misnøgd med, er kuttet i dei fylkeskommunale overføringane, seier Mjømen.

Mjømen gav i fjor vår beskjed om at han ville gi seg som leiar, men eit halvt år seinare ombestemte han seg. No svarar han vagare på om han framleis er leiarkandidat etter at lokallaga har sagt sitt:

– Eg skal gi den meldinga til valnemnda i slutten av januar.

NRK veit at fleire lokallag har flagga støtte for Mjømen. Fylkesleiar Amanda Solvåg i Unge Høgre avviste i slutten av november at Mjømen har vore anonym.

Olve Grotle

DARK HORSE 1: Olve Grotle, ordførar i Førde

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leitar etter samlande kandidat

Leiar i valnemnda, Lars Trygve Sæle, ønskjer ikkje å kommentera leiarspørsmålet før innstillinga til nytt fylkesstyre er klar 30. januar.

Men NRK veit frå fleire hald at det i kulissane blir arbeidd med å finna ein tredje – og meir samlande – leiarkandidat, som både støttespelarane til Grønnevik og Mjømen kan stilla seg bak.

Olin Johanne Henden og Bjørn Hollevik

DARK HORSE 2: Olin Johanne Henden, 2. nestleiar i Sogn og Fjordane Høgre

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Både ordførar i Førde, Olve Grotle, og 2. nestleiar i fylkespartiet, Olin Johanne Henden, blir nemnt av fleire.

I Henden sin heimkommune Gloppen har lokallaget peika på Grønnevik, men lokallagsleiar Roar Henden seier at dei støttar Henden viss ho stiller:

– Henden er ein sterk kandidat. Ho har lang røynsle og vil kunne gjera ein veldig god jobb.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå