Hopp til innhold

Grønn Glede i Vågsøy

Det er ei utfordring å ha hage ute ved Stad-havet. Den flotte hagen til Torunn Føllesdal Utnes ligg heilt i havgapet.

Utsikt mot Stadt frå hagen i Vedvik.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Alle har vel høyrt om storm ved Stad. Det er nettopp vinden som gjer at det er vanskeleg å få til ein hage. Blomar likar som kjent ikkje noko særleg kald trekk.

Tomta til Torunn Føllesdal Utnes og Arve Idar Utnes ligg i Vedvik heilt ute ved kysten. Vinden står rett inn frå havet, så dei har laga seg le-veggar for å skjerme for vinden.

Men er det altfor kaldt, så kan dei sitje inne. Dei har laga seg ei hagestove med glastak, slik at dei kan sjå ut.

Utsikt mot havet i Vedvik i Vågsøy.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK