Hopp til innhold

Denne grønsaken har vore gløymd i mange år - no er han hipp som aldri før

For hundre år sidan var grønkål ein daglegdags grønsak i norsk hushaldning. I løpet av åra har mange gløymt heile grønkålen. Men no er han populær som aldri før.

Created by InfoDispatcher

LITT SKARP: Medan nokon likar grønkålen best rå, meiner andre han treng anten selskap eller ein liten runde i varmt vatn. Ole Jonny Aasen sit inne i førarhuset, bak på traktoren sit Knut Vebjørnsen. Foto: Eli Eikenæs Vengen

– Det er ein bladgrønnsak, seier driftsleiar og lærar, Nils Jørgen Helgheim.

Han måtte eins ærend ut på bygda og skaffe to eksemplar av arten slik at ein kunne få dokumentert korleis grønkålen ser ut. For på Mo og Jølster vidaregåande skule er det skålande tomt for grønkål.

– Vi er utselde for lenge sidan, seier Helgheim.

Trudde dei hadde produsert nok

Han er i grunnen litt overraska over at salet av den grøne veksten har gått så strykande.

– Det er ein grønsak som det ikkje har gått så mykje av dei siste åra. Vi har eigentleg aldri dyrka det til ei matferdig plante, men dyrka planter for sal, seier Helgheim.

Han fortel at salet av plantene har auka år for år.

– Vi trudde at vi hadde auka så mykje at det skulle halde, men også i år vart det tomt, seier Helgheim.

Personleg tykkjer han ikkje at grønkål er blant favorittane av grønsakene.

– Eg tykkjer ikkje han smakar veldig godt, nei, seier Helgheim.

Blir søtare etter ein tur i frysaren

Men grønkålen vert av ekspertar rekna som ein av dei sunnaste grønsakene du kan ete. Den grøne saken er proppfull av vitamin, mineral og fiber. Til dømes inneheld 100 gram grønkål meir kalsium enn éin desiliter mjølk.

– Og når han er veldig grøn, så tyder det også på at han inneheld mykje jarn. Det er ei veldig næringsrik og fin plante, seier Helgheim.

Viss du tykkjer grønkålen er litt skarp i smaken, så kan det vere greitt å vite at han endrar litt smakskarakter alt etter korleis han vert handsama.

– Viss du legg han litt i frysen, så vert han litt søtare, seier Helgheim.

Han fortel at det ikkje er noko fellestrekk ved dei som kjøper grønkål.

– Nei, det er alle kundegrupper. Det er rett og slett ein populær plante, seier Helgheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

POPULÆR: Ved Mo og Jølster vidaregåande skule har grønkålen gått unna som varmt kveitebrød. Foto: Eli Eikenæs Vengen

Meiner grønkålen er suveren

At grønkålen har fått sin renessanse, kan matkonsulent Toril Gulbrandsen hjå Opplysningskontoret for frukt og grønt skrive under på.

For grønkål er ikkje ein ny grønsak i norsk matlaging. Tvert om. For hundre år sidan var grønkålen hyppig nytta i matvegen.

– Ser du i oppskriftsbøker frå 100 år tilbake, finn ein massevis av oppskrifter. Tidlegare var dette ein av våre viktigaste grønsaker, seier Gulbrandsen.

Men på ein eller annan måte gjekk bruken av planten ned ei stund. Det ser no ut til å ha snudd, og dei siste åra har grønkålen vorte stadig meir populær. Ikkje berre i Norge, men også i det store utland.

Søkjer du «kale», som er det engelske ordet for grønkål, på google.no, får du raskt opp 19,3 millionar treff. Mange av dei handlar om grønkålens fortreffelege eigenskapar, ikkje minst fordi han er proppfull av vitamin og mineral, og nesten kjemisk fri for kaloriar.

– Grønkålen er heilt suveren, og nordmenn har igjen fått auga opp for grønsaka, seier Gulbrandsen.

Rå, forvella eller frosen

Ho gler seg stort over at grønkålen i større og større grad er å sjå i butikkane rundt om.

– Grønkål er supermat. Den inneheld antioksidantar og er ein av dei sunnaste grønsakene ein kan ete. Nokon meiner han har god helseeffekt også, seier Gulbrandsen.

Ho peikar på at grønsaka har mange bruksområde, og er å sjå på som ein heilårsgrønnsak.

– Eg føretrekkjer å skole blada i kokande vatn før bruk, men nokon likar han best rå. Nokon meiner endåtil at grønkål smakar betre etter at han har fått ei frostnatt eller to, seier Gulbrandsen.