Hopp til innhold

Grodås har lært – trur på skadefri sesong

SOGNDAL (NRK): Meniskoperasjon, korsbandskade, kronisk betennelse i kneet og leddbandskade. Victor Grodås (25) håper at skademarerittet no er over.

Victor Grodås på Sogndal-trening.

SKADEFRI: Victor Grodås er godt nøgd med sesongoppkøyringa og endeleg har han klart å halde seg heilt skadefri.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Tidlegare år har eg køyrd mykje hardtrening i november og desember, og kanskje pusha litt for hardt. Men før årets sesong har eg tatt det meir med ro i den perioden. Så eg har nok lært litt av dei tidlegare sesongane, seier Victor Grodås til NRK.

Heilt sidan han slo gjennom som Hødd-spelar i 2011 har Victor Grodås stort sett hatt minst eit lengre skadeavbrekk kvar sesong. Ofte har skadane oppstått i sesongoppkøyringa, men denne sesongen har den gått knirkefritt.

Lang liste

Grodås starta helgas treningskamp på venstreback for Sogndal, i 2–1 sigeren over Brann. Ein posisjon han skal konkurrera med islandske Kristinn Jónsson om å halda gjennom sesongen.

– Eg føler meg veldig bra og føler at eg vil prikke inn forma perfekt til seriestarten, seier Grodås.

Men for at du enklare skal skjønne kor skadeplaga 25-åringen har vore spurde vi han om å ramse opp alle problema, år for år. Og han hugsar godt alle skadane han har slite med:

  • 2011 (Hødd): Rauk menisken på siste trening med Lillestrøm før overgangen til Hødd. Operasjon, og tilbake på bana i sesongens ti siste
    kampar.
  • 2012 (Hødd): Leddband i vestre kne La Mange. Ute fram til haustsesongen, men i tide til å få med seg cupgullet med Hødd.
  • 2013 (Hødd): Fekk med ein seriekamp, så rauk menisken i første runde i cupen. Vart overivrig og på bana att etter to veker. Fekk så kronisk betennelse i kneet etter 12–13 kampar. Ute resten av sesongen.
  • 2014 (Hødd): Skadefri sesong.
  • 2015 (Sogndal): Gjekk til Sogndal og fekk med seg opprykket her. Eit lite ribbeinsbrot, men mista ikkje mange kampar grunna det.
  • 2016 (Sogndal/Kristiansund): Rauk korsbandet på treningsleir i Spania før sesongstarten og var ute fire-fem månader. Var på lån til Kristiansund på hausten.

Status til no for 2017 er at Grodås er frisk og rask, og målet er å heve botnnivået sitt.

– Eg skal ta store steg på alle område og vera solid. Mi sterke side er at eg er allsidig og god både framover og bakover på bana, seier han.

– Svakheiter då?

– Eg må klare å omstilla kjappare frå angrep til forsvar, svarar Grodås.

Victor Grodås

Victor Grodås

Foto: Thomas Brakstad / NRK