– Det er skremmande å tenkje på at vi var så nær bomba

Gro Ravnestad og sambuaren var berre få meter unna då ei spikarbombe eksploderte i Lyon fredag kveld. Sju personar er førebels skadde.

NRKs reporter Gro Ravnestad i Lyon

NÆR BOMBA: Gro Ravnestad og sambuaren var berre få meter unna bomba då den eksploderte. No er området avsperra av tungt væpna politi.

Foto: Privat

Bomba gjekk av utanfor eit bakeri i den travle gågata Victor Hugo midt i hjartet av den franske byen. Presidenten og andre leiande politikarar kallar eksplosjonen for eit terrorangrep.

Redaksjonssjef i NRK Sogn og Fjordane, Gro Ravnestad, er på ferie i Lyon saman med sambuar Rolf Sanne-Gundersen. Begge bur til dagleg i Førde.

– Small 50–100 meter bak oss

Men den hyggjelege ferieturen fekk brått ei dramatisk vending då dei to var på veg heim til hotellet som ligg i same gata som bomba eksploderte. Brått høyrde dei eit svært kraftig smell 50–100 meter bak seg i gata.

– Det var masse folk i gata. Vi såg ikkje heilt bort til der det skjedde, men vi såg masse røyk kome opp og at folk kom springande mot oss. Det var tydeleg at det hadde skjedd noko, fortel Ravnestad på telefon frå hotellrommet.

Skadd person etter bombe i Lyon

SKADDE: Det offisielle talet på skadde er sju, men den franske avisa Le Figaro skriv at det er snakk om minst 13 skadde.

Foto: Philippe Desmazes / AFP

Søkte ly i butikk

Med det same forstod dei ikkje heilt kva som hadde skjedd, men dei søkte raskt ly i ein butikk, før dei fann det best å gå tilbake til hotellet.

– Vi var ganske rolege og gjekk tilbake på hotellet vårt. Vi lurte jo veldig på kva som hadde skjedd. Vi spurde fleire, men ingen visste noko. Det er skremmande å tenkje på at vi i var så nær bomba. Det er ikkje noko kjekt. Men heldigvis går det bra med oss. Vi er trygge her på hotellet, fortel Ravnestad.

Vart jaga vekk av politiet

Ho fortel at naudetatane kom raskt på plass og at heile byen er prega av sirener, blålys og tungt væpna politi. Området der bomba eksploderte vart raskt avsperra. Ravnestad fortel at dei tok ein tur ut på gata igjen ei stund etter smellet, men dei fann det tryggast å søkje ly på hotellet igjen.

– Vi vart møtte av væpna politifolk som jaga oss opp over i gata igjen, fortel ho.

Gro Ravnestad og Rolf Sanne-Gundersen

FERIERER: Sambuarparet Gro Ravnestad og Rolf Sanne-Gundersen er i Lyon for å feire gebursdagen til Rolf. I morgon står ein konsert med den engelske artisten Ed Sheeran står på programmet. Dette biletet vart teke tidlegare fredag, før dei opplevde eksplosjonen.

Foto: Privat