NRK Meny
Normal

Grisevêr stoppar omkøyring

No er ho raskaste veg mellom Bergen og Ålesund. Uvêr og ras skaper trøbbel for trafikantar på Vestlandet.

Kabelferje

KABELFERJE: Ferjesambandet Masfjord–Duesund er i morgontimane tilrådd omkøyringsalternativ for trafikantar på Vestlandet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Etter at E39 gjennom Romarheimsdalen er stengt på grunn av ras i nær ei veke, har omkøyringsmogelegheitene vore få og lange.

Det er venta at det vil bli gjort ny vurdering om å opne vegen i løpet av dagen.

Tilrådd omkøyring har vore via fylkesveg 57, med ferja Leirvåg, ved Mongstad, og Sløvåg i Gulen. Men på grunn av uvêr i natt og morgontimane tysdag er ferjesambandet innstilt.

Dermed er det ferjesambandet Masfjord–Duesund som er kortaste omkøyring. Alternativa er E16 og riksveg 5 via Lærdal.

På vegane er situasjonen følgjande tysdag klokka 11:

  • Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av fare for ras
  • Fylkesveg 241 Gudvangen–Bakka er stengt
  • Fylkesveg 50 Hol–Aurland er stengt på grunn av uvêr
  • Fylkesveg 53 Årdal–Tyin er stengt på grunn av uvêr
  • Fylkesveg 337 Hafslo Veitastrond er stengt på grunn av snøras og rasfare
  • Fylkesveg 93 Vadheim – Heggheim er stengt på grunn av snøras

Følg trafikken på nrk.no/trafikk

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.