Hopp til innhold

Grisekøyrde på fotballbane

Denne veka har nokon sladda og spunne med bil på grasmatta til Haugen fotball i Eid.

Klenkarberget

HÆRVERK: Djupe bilspor viser tydeleg på fotballbana til Haugen fotball i Eid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er berre meiningslaust og idiotisk, seier baneansvarleg Øystein Haugland.

For nok ein gong har nokon brukt bana til heilt andre aktivitetar enn det den er tenkt til.

Mister motivasjonen

Køyringa har etter alt å døme skjedd på dagtid onsdag mellom klokka 15.30 og 16.

Øystein Haugland

OPPGITT: Banemeister Øystein Haugland.

Foto: Privat

– Den som har stått for køyringa har etter alt å døme gjort fleire forsøk for å vere sikker på å sette spor etter seg, seier Haugland.

Denne gongen er det ikkje køyrt på heile bana, men berre på ein liten del. Likevel betyr det mykje ekstraarbeid for dei skal sette bana i stand igjen.

– Det er nærast byrja å bli ein vane at ein eller annan trafikant prøver å ta knekken på bana ein gong for alle. Vi skal nok klare å reparere det denne gongen, men ein byrjar etter kvart å miste motivasjonen.

Melder saka til politiet

Haugland har ikkje tal på kor mange gonger dei har vore nøydde til å reparere bana etter at nokon har leika seg med bil.

– Det er nesten så eg byrjar å lure på om det er noko personleg, seier Haugland.

Men no er begeret fullt for fotballspelarane til Haugen fotball.

– Fotballgruppa har no bestemt seg for å melde saka til politiet.

Klenkarberget

GONG PÅ GONG: Fotballbana til Haugen fotball har fleire gonger vore utsett for hærverk dei seinare åra

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vurderer gjerde

– Har de vurdert å sette gjerde for å hindre at folk køyrer inn på bana?

– Ja, det har vi vurdert, men så langt har det blitt med vurderingane. Det skulle no ikkje vere naudsynt å låse og sperre av alt mogleg.

– Korleis opplever du at de gong på gong blir utsett for slikt?

– Eg forstår rett og slett ikkje kvifor folk gjer slikt, seier Haugland.