Hopp til innhold

Grisebønder fryktar influensaen

Grisebønder i fylket fryktar at svineinfluensaen skal slå til også i deira besetningar.

Gris
Foto: NRK

Det er påvist svineinfluensa i ein grisefjøs i Nord-Trøndelag, og næringa er redde for at smitten skal spreie seg.

Har ikkje hatt sjukdommen tidlegare

Grisebonde og styremedlem i Norsvin, Siv Bruheim frå Hornindal, seier det er dette dei har vore redde for. Ho har over tusen grisar i fjøsen, og om influensaen slår til kan det verte øydeleggande.

- No er eg veldig usikker og betenkt.

Ein bonde i Nord-Trøndelag har fått svineinfluensa i fjøsen. I tillegg er prøver frå ei besetning i Hedmark til analyse. Norge er saman med Island det einaste landet som ikkje har hatt sjukdomen hjå gris tidlegare.

Kan ikkje slakte alt

Får ei besetning svineinfluensa har det frå produsentorganisasjonen Norsvin si side vore tenkt å avlive besetningane. Men det går ei grense også for dette.

- Det kan ein ikkje halde fram med. Vert veldig mange besetningar smitta kan ein ikkje berre slakte ned og slakte ned, seier Bruheim.

Beskytter dyra

Svineinfluensaen angrip grisen på same måten som menneske. Problemet for bonden er at sjukdommen fører til at fôrutgiftene aukar og produksjonen vert mindre. Med over tusen grisar i fjøsen kan tapet bli betydeleg. No prøvar bøndene å beskytte dyra så godt som råd.

- Vi byter klede, desinfiserer hendene med sprit og brukar munnbind medan vi steller i fjøsen.