Mor stelte sjølv si omkomne jente (24)

Mor til Karoline Eidslott-Svinø, som omkom i bussulykka ved Fardal i Sogn i fjor sommar, gav ei gripande forklaring i Sogn tingrett torsdag.

Karoline omkom i bussulykka

OMKOM: Karoline Eidslott-Svinø (innfelt) var ei av dei to omkomne jentene i trafikkulukka i Fardal.

Foto: Oddleif Løset / privat (montasje) / NRK

Den 24 år gamle jenta frå Ålesund var ei av to som omkom i den tragiske møteulukka ved Fardal i Sogndal i fjor.

Under den tredje dagen av rettssaka mot den sikta svenske bussføraren, gav mor til Karoline, Mette Eidslott, ei gripande forklaring.

– Som alle mine born, så var ho ei av mine støttepilarar. Fundamentet mitt. Ho var ei fantastisk tante og ein fantastisk ressurs som tok ungane med på ting. Det eldste tantebarnet, på fire år, snakkar om henne endå. Han seier han snakkar med henne kvar dag, fortalde Eidslott i si kjensleladde forklaring.

– Nekta å tru det

Lokal buss

STERKT MØTE: Mor, far og eine systera fekk onsdag eit sterkt møte med ulukkesbussen og setet der Karoline Eidslott-Svinø omkom 12. august i fjor.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forklaringa frå firebarnsmora frå Ålesund gjorde at fleire, også den tiltalte og forsvararane, tok til tårene i Sogn tingrett. 24-åringen mista livet på veg frå arbeid hos Statens vegvesen på Leikanger. I den møtande turistbussen mista også ei taiwansk jente livet i trafikkulukka 12. august i fjor.

Kort tid før ulukka vart Karoline tante til si yngste niese, og ho skulle veka etter til Oslo for å treffe jenta for første gang. Så skjedde trafikkulukka i Fardal.

– Det var umogleg å forstå den meldinga vi fekk. Eg trudde det var feil. Feil namn. Feil person. Du nektar å tru det som har skjedd, forklarte Eidslott om den tøffe dødsbodskapen dei fekk utpå kvelden.

Snakka i telefon

Den sorgråka familien reiste til Sogndal dagen etter ulukka. Dei håpa på svar, og vart orienterte om at ulukka var ei politisak – og at det då var mistanke om aktlaus køyring.

Anette Stegegjerdet Norberg

AKTOR: Anette Stegegjerdet Norberg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var masse spekulasjonar. Var ho fastklemd? Kor lenge levde ho? Det var ei ulideleg påkjenning. Det første eg hadde, var eit desperat behov for å sjå og halde ho. Det måtte eg, forklarte Eidslott for retten.

I Sogndal møtte familien ei venninne av Karoline. Ho fortalde at dei to snakka på telefon då ulukka skjedde.

– Ho fortalde at dei heile vegen snakka om vanlege ting. Alt høyrdest normalt ut til Karoline sa «whop». Ho brukte gjere det når ho vart overraska. Så høyrde venninna eit smell og skrapelydar, og det ho oppfatta som at telefonen fall i golvet.

Stelte si døde dotter

Det truleg sterkaste punktet i forklaringa til Eidslott, var då ho fortalde at ho i tre timar stelte med si døde dotter. Familien sin bistandsadvokat, Odd Harald Hovde, spurte kvifor.

– Eg trur vi begge ville det. Karoline er mi. Eg har fødd henne. Det er eg som har bore ho, og ungane er det siste du gir slepp på. Også når ho er død, fortalde ho.

– Eg hadde ein fysisk trong til å halde henne inntil meg. Det gjorde eg. Eg visste også at det ville vere unaturleg for Karoline om eg overlèt henne til to framande menn i eit gravferdsbyrå. Det er det siste eg kunne gjere for henne og på vegner av familien vår. Det trøysta meg mykje, la Eidslott til.

Fekk stadfesta dødsårsak

Under stellet fekk ho også høve til å studere skadane til jenta. Det gav henne nokre svar som ingen andre hadde kunne gje henne. Eidslott er sjølv kirurgisk sjukepleiar ved sjukehuset i Ålesund.

Dødsårsaka fekk ho etter nokre månader stadfesta frå ein ulukkesgranskar i Havarikommisjonen.

– Han sa ho sat i setet bak bussføraren. Ho hadde ikkje sele, men det ville ikkje hatt noko å seie. Det var topunktsbelte, og i samanstøyten vart overkroppen kasta framover i veldig fart. Kopphaldaren trefte henne i hjarteregionen, fortalde ho.

Vart provosert av tiltalte

Advokat Odd Harald Hovde

ADVOKAT: Odd Harald Hovde er hjelpeadvokat til Karoline Eidslott-Svinø sine etterlatne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Difor opplevde også familien det som provoserande då den tiltalte føraren, under si forklaring tysdag, meinte å kunne fortelje henne kva jenta deira døydde av.

– Det er surrealistisk at tiltalte får bruke alvorleg mykje tid på heimekonstruerte bevis og vifte med det i ansiktet vårt. Eg fekk slik hjartebank at eg ikkje visste om eg kom til å halde ut, sa Eidslott.

Aktor Anette Stegegjerdet Norberg ville vite korleis dei opplevde dette.

– Det er ei ekstra stor byrde for oss. Det er frekt og mangel på respekt. Vi må halde oss til dei sakkunnige, dei som er på staden. Vi finn oss ikkje i at det blir spekulert, sa ho og tykte det er underleg at ingen av busselskapa har teke kontakt med familien etter ulukka.

  • LES OGSÅ:

Fekk ikkje hjelp

Familien sin bistandsadvokat, Odd Harald Hovde, var den einaste som stilte spørsmål til Eidslott.

Han starta med oppnemninga av familien sin tidlegare bistandsadvokat, ein advokat som skulle hjelpe familien i den tunge tida. Denne vart utnemnd nokre dagar etter ulukka, men tok først kontakt etter seks-sju veker.

Familien opplevde likevel at dei måtte halde seg orientert om utviklinga i saka gjennom media. Etter kvart også gjennom regionlensmann i Sogn, Åge Løseth.

Eidslott seier familien no ser fram til å bli ferdige med saka. Sjølv om det kan bli ankesak uansett utfall i Sogn tingrett.

– Vi har venta i åtte månader. Vi har visst det vil komme ei sak, som er utsett og utsett. Vi får opplysningane gjennom media og det har teke mykje energi. Vi er glade for at vi no er her og at vi er i gang. Personleg, trur eg vi vil få det lettare, avslutta ho.