Hopp til innhold

Grip ikkje inn for å redde Fundo

Næringsdepartementet grip ikkje inn for å redde Fundo Wheels.

Fundo Wheels i Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi kan ikkje overstyre Innovasjon Norge sitt vedtak om Fundo Wheels. Det er ikkje slik politikken fungerer. Det seier statssekretær i Næringsdepartementet Rikke Lind.

Innovasjon Norge sa før helga nei til eit tilbod frå lokale eigarar om å kjøpe felgfabrikken for 15 millionar kroner. Det betyr mest truleg kroken på døra for bedrifta.

Lind seier dei no fokuserer på tiltak som kan hjelpe dei som snart står utan arbeid.