Med 180 kilo i rykk og 215 i støt kunne ingen måle seg med naustedølen under norgesmeisterskapen i Trondheim. Dette var Grimseth sin første konkurranse sidan NM i mars i fjor, og han er svært lukkeleg over å vere tilbake.
-Dette gjekk betre enn venta, og med tanke på at eg ligg i oppkøyringa til verdsmeisterskapen i november er eg vel der eg bør vere. Eg løfta om lag 90 prosent av dei personlege rekordane mine, seier han.
Innan Warszawa-turen i november håpar han å vere betre enn han nokon gong har vore.
Men Grimseth var ikkje den einaste frå Tambarskjelvar som gjorde det godt i Trondheim.
For også Steinar Kvamme, Odd Gunnar Røyseth vann i sine vektklassar, og dermed fekk naustedølene med seg heile tre senior-gull heim. I tillegg tok Gunnar Reiakvam gull i veteran-klassa. Geir Grønnevik og Vidar Vassliås tok kvar sin bronse.
-Så dersom vi ser på laget gjorde vi det svært godt, seier Grimseth.
Han fekk sin 8. kongepokal for innsatsen, og tok totalt sitt 10. NM-gull. No jobbar han vidare med Warsawa-VM som det store målet.
-Men eg tenker no fram mot neste OL også. Det hadde vore utruleg godt å prestert der, seier han.