Også dei andre løftarane frå Tambarskjelvar gjorde sakene bra under stemnet i Vigrestad. Odd-Gunnar Røyseth tok 3. plass med 135 kg i rykk og 170 kg i støt.
I junior klassen løfta Geir Grønnevik ny norsk rekord med 170 kg i støt, ein rekord han fekk ha i nøyaktig to minutt. Då stod Ørjan Øvsthus frå Tyssvær med 2,5 kg meir over hovudet.
Også Steinar Kvame sette norsk junior-rekord under stemnet i Vigrestad då han fekk opp 115 kg i rykk.