Den lokale kronerullinga fekk inn 170.000 kroner, men Grimseth treng endå tre til fire hundre tusen kroner til for å kunne føre saka for amerikansk domstol.
Stian Grimseth testa positivt på det forbodne stoffet nandrolon like før OL i Sydney i fjor. Han meiner han har fått i seg stoffet gjennom kosttilskotet Ribose, og vil derfor saksøke den amerikanske produsenten. Grimseth sine advokatar i USA har lagt fram eit dokument der dei peikar på at produsenten har brote tre amerikanske lover, og så sikre er dei i si sak at dei vil jobbe gratis om dei ikkje vinn saka.
Men sjølv om advokatane ikkje skal ha timeløn, treng Grimseth tre til fire hundre tusen kroner for å kunne føre saka. Og Grimseth vil vere sikker på at finansane er i orden før han gjer alvor av søksmålet.