Hopp til innhold

– No må vi ta vare på Ruth

Stian Grimseth blei sjølv skulda for doping, men blei reinvaska. No ber EM-generalen om at Ruth Kasirye blir tatt godt vare på i den tøffe tida som kjem.

Stian Grimseth ber om at Ruth Kasirye no blir teken godt vare på etter dopingavsløringa.

TRIST SAK: Stian Grimseth synest det er veldig leitt for Ruth Kasirye at ho no måtte innrømme dopingbruk, medvite eller ikkje. Foto / redigering: Steinar Lote

Den norske vektløftaren fortalde i ettermiddag at ho har testa positivt på det ulovlege middelet meldonium, berre dagar før europameisterskapen opnar på heimebane i Førde i Sogn og Fjordane.

– Eg er veldig lei meg for det, og eg er veldig lei meg på vegner av mine vektløftarvener og vonar at belastninga ikkje for stor for dei, sa Kasirye på ein pressekonferanse i Oslo onsdag kveld.

Blei sjølv skulda for doping

For EM-general og tidlegare landslagsutøvar Stian Grimseth kom dopingavsløringa i dag som eit sjokk. Han var ikkje klar over at den norske utøvaren hadde testa positivt for meldonium før det blei sendt ute ei pressemelding.

– No er det domsutvalet som skal gjere si vurdering, så det er viktig å få understreka at det ikkje er nokon dom i saka enda. No må dei få gjere ein jobb med å finne ut kva som er status i saka. Det er viktig å hugse på opp i det heile no. Så lyt ein ta vare på på Ruth, slår Grimseth fast.

Det er 20 år sidan Grimseth sjølv tok sitt første EM-gull. Men det er også 15 år sidan yndlingen i norsk kraftidrett blei teken for å brukt stoffet nandrolon. Eit stoff han fekk i seg gjennom kosttilskotet Ribose. Fem år seinare blei han frikjend og reinvaska, og blei tilkjend millionerstatning.

Ruth

VAR SJUK: Ruth Kasirye under pressekonferansen i Oslo onsdag kveld. Ho hevdar ho fekk meldonium i medisinform då ho blei sjuk av malaria i Uganda.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Hevdar ho fekk stoffet umedvite

– Det er først og fremst trist og uventa å få den meldinga i dag, det er trasig. Det er nok ein veldig tøff situasjon for ho Ruth no. Ho har nok mykje tankar som går om prosessane, seier Grimseth om den nye dopingsaka som kom som lyn frå klar himmel onsdag.

Ruth Kasirye hevdar at ho fekk i seg det ulovlege stoffet meldonium i samband med at ho blei malariasjuk under eit familiebesøk til Uganda i romjula.

– Eg burde sagt ifrå til mine næraste at eg var gjennom ei behandling, men eg skal ta konsekvensen av mine handlingar, sa Kasirye under pressekonferansen.

– Uheldig med ei slik sak

Det skulle vere i alt 13 norske utøvarar med når EM går av stabelen i Førde frå 10. til 16. april, no blir det berre 12.

– Det er klart at det er uheldig med ei slik sak i forkant av europameisterskap på heimebane, det er det. Eg er veldig oppteken av vi skal skape eit fantastisk EM her oppe. Dei 12 skal få alle gode føresetnader for å gjere det dei har trent mot lenge no, slår EM-general Stian Grimseth fast.