Hopp til innhold

Grevling forvilla seg inn i tunnel

Natt til søndag møtte Jo Marius Bøyum og ein kamerat ein grevling i Fodnestunnelen i Lærdal.

Grevling i Fodnestunnelen

IKKJE I TAKET, MEN I TUNNEL: Natt til søndag møtte bilistar i Fodnestunnelen denne grevlingen.

Foto: Jo Marius Bøyum

I tre-tida natt til søndag fekk Bøyum auge på ein grevling midt inne i tunnelen på riksveg 5.

– Den hadde forvilla seg inn i tunnelen. Vi ringde både politiet og viltnemda, men det vart konkludert med at den berre fekk gå der sidan den ikkje var skadd, seier Bøyum.

Politiet: – Uvanleg melding

– Det var veldig spesielt. Eg har aldri møtt noko slikt inne i ein tunnel før. Eg måtte stoppe og får eit fotobevis, seier Bøyum.

Operatør Oddvar Lyngset ved operasjonssentralen i Sogn og Fjordane politidistrikt stadfestar at dei fekk melding om den litt uvanlege hendinga.

– Det er ikkje ofte vi melding om grevling i tunnel. Han var på veg mot Lærdal fekk vi opplyst frå innringar. Grevlingen var ikkje i taket for å seie det sånn, humrar Lyngset.

Politiet varsla Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen.

– Hadde det vore midt på dagen hadde vi nok reist til staden og prøvd å fått han ut, seier Lyngset til NRK.no.

Veit ikkje kvar den har tatt vegen

Vaktoperatør Kai Johny Bugjerde ved Vegtrafikksentralen seier dei har registrert hendinga i loggen sin.

– Vi veit ikkje kvar grevilngen har tatt vegen. Om han har funne vegen ut sjølv eller kva han har gjort, veit eg ikkje. Vi har i alle fall ikkje fått fleire meldingar, seier Bugjerde.