Skulane vekker kamplysta i bygdene

27 skular har blitt lagt ned i Sogn og Fjordane dei siste 12 åra. I Luster fryktar tre bygder for framtida til sine grendeskular.

Solvorn 16.mai 2

Luster kommune må spare pengar. Dei kjem ikjke unna å kutte i skulebudsjettet har ordførar Ivar Kvalen sagt til Sogn Avis. Telemarkforsking anbefalar kommunen å sjå på grendeskulane i Luster, Indre Hafslo og Solvorn.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

17. mai-ropa ljomar frå dei 26 skuleelevane og barnehagebarna ved Solvorn oppvekstsenter. Fana vaiar i den sterke vinden der dei går treningsrunde med toget før den store dagen.

For nokre dagar sidan la Telemarksforsking fram ein førebels rapport om skulestrukturen i Luster.

Kommunen må vurdere å legge ned oppvekstsenteret i grenda for å spare pengar. Det har fått kamplysten til å ulme blant dei 220 innbyggarane.

– Skulen og det som skjer rundt den er limet i bygda. Skule og bygdefolk er det same, seier Svein Arve Ruud, leiar i samarbeidsutvalet ved Solvorn oppvekstsenter.

Solvorn skule

17.MAI: I Solvorn har skulen tett kontakt med lokalmiljøet, og det vil forsvinne om borna skal gå på skule på Hafslo, meiner Svein Arne Ruud.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Grendeskulane ryk i budsjettkutta

Sidan 2004 har det blitt lagt ned 27 grendeskular i Sogn og Fjordane.

I Stongfjorden i Askvoll kommune kjempa innbyggarane lenge for å behalde skulen. Den vart lagt ned i skuleåret 2013-14, og no går barna på skule både i Holmedal, Askvoll og Kvamme.

– Ein mister noko av grunnfjellet i ei bygd når skulen forsvinn. Det er eit haldepunkt og ein møteplass folk folka som bur der, noko ein naturleg kjempar saman om, seier Idun Losnegård som bur i Stongfjorden.

Skulane, butikkane og samfunnshusa er viktige for å definere bygdene og gruppa bygdefolket er ein del av.

– Når dei forsvinn har ein ikkje like stort grunnlag til å definere bygda.

I Stongfjorden er det framleis barnehage, som er blitt eit ekstra viktig samlingspunkt. Men utan skulen har til dømes 17. mai-feiringa blitt vanskelegare å få i gang.

– Det var nære på at det vippa den gale vegen i år. Men vi skal ha tog og leikar. Og så blir det kanskje lettare til neste år, seier Losnegård.

Urnes

URNES: Barn på Urnes tek ferja til skulen i Solvorn. Dei får alt for lang reiseveg dersom dei må gå på skule på Hafslo i framtida, meiner samarbeidsutvalet ved Solvorn Ooppvekstsenter.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Samlingspunkt

I Fortun, inst i fjorden i same kommune som Solvorn, vart skulen lagd ned for sju år sidan. Der valde bygdefolket og samlast om ein større skule i nabogrenda Skjolden.

Øyvind Samnøy hadde barn på skulen i Fortun, og forstår godt kampånda som vaknar i Solvorn.

– Ein mistar eit viktig samlingspunkt, seier Samnøy.

I Fortun vakna grendelaget for alvor til liv når skulen forsvann. Dei fekk overta skulebygget, og sette inn høggiret for å framleis ha ein arena som samla bygda.

– Det er blitt treningssenter i gymsalen, vi har laga kafé og fått til leikeplass i sentrum. Skulen tener bygda framleis. Vi har jobba hardt for å ikkje miste samlingspunkta, seier Samnøy.

fortun

FORTUN: Når skulen forsvann sette det i gong dugnadsånden i bygda, og dei har fått trenignssenter, kafè og ny leikeplass i åra etterpå.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Vil kjempe

I byggefeltet ikkje langt frå Solvorn oppvekstsenter står tolv ledige tomter. Håpet er at dei skal fyllast opp med barnefamiliar.

– Eg trur mange flyttar til Luster akkurat fordi vi har mange grendeskular. Det er kort skuleveg og eit trygt oppvekstmiljø. Eg trur det er avgjerande for dei som vil etablere seg, seier Svein Arve Ruud.

Svein Arve Ruud

SAMARBEIDSUTVALET: Svein Arve Ruud har sjølv barn på skulen. Han meiner dei har ei sterk sak for å behalde oppvekstsenteret i Solvorn.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Luster kommune skal snu alle steinar for å spare inn dei 20–25 millionar kronene dei manglar. I Solvorn kampånda vekt.

– Folk kjem krypande fram frå alle stader og vil kjempa. Så er vi på ingen måte motlause.