Hopp til innhold

Grendalaget er på friarferd til ny kommune

Ikjefjorden grendelag meiner dei har meir til felles med Gulen enn Høyanger. No vil dei byte kommune.

Ikjefjord på Høyanger sørside

VIL TIL GULEN: I dag høyrer bygda til Høyanger, men samarbeidet er tett med Gulen. Difor ynskjer eit fleirtal i grendelaget at bygda soknar til Gulen i staden.

Foto: Ottar starheim / NRK

– Vi har i mange år hatt betre kommunikasjonar den vegen. I mange av aktivitetane til ungdom og andre, så er vi saman med dei. Kommunikasjonane har endra seg med tida, seier mangeårig leiar i grendelaget Terje Instefjord.

I dag høyrer dei til industrikommunen Høyanger, men har god tilknyting til Gulen og Masfjorden, som no drøftar å slå seg saman. I årsmøtevedtaket understrekar grendelaget at næringslivet har nær kontakt med nabokommunane. Skulemusikken har dei saman med Brekke, 4-H samarbeider med Oppedal, og mykje av barne- og ungdomsarbeidet fell naturleg saman med Gulen og Masfjorden.

– Vi har hatt det godt i Høyanger, men avstanden har ikkje vorte kortare med tida, seier Instefjord.

Ordføraren vil ha dei

I grenda bur det mellom 60 og 70 innbyggjarar. Ordførar i Høyanger, Petter Sortland frå Arbeidarpartiet vil helst ha alle dei 4170 innbyggjarane i kommunen.

Petter Sortland

VIL HA ALLE: Ordførar i Høyanger Petter Sortland meiner Ikjefjorden vil ha det best om dei held fram med å høyre til kommunen han styrer.

Foto: Privat

– Vi har ikkje fleire innbyggjarar enn at vi har bruk for absolutt alle. Grenda ligg i ytterkanten av kommunegrensa i dag, og vil bli definert som det i ein ny konstellasjon også, seier Sortland.

I grendelaget ser dei verda på ein litt annan måte.

– Vi er kome nærare Bergen på alle vis. Ikjefjorden er ganske sentral no, og i Høyanger kommune er vel vi det mest sentrale, seier grendeleiaren med eit smil.

Ikkje beint fram

Også Nessane og Lånefjorden i Balestrand har det vore liknande diskusjonar. På

Kåre Træen

PROSESS: Å byte frå ein kommune til ein annan er ikkje gjort i ei handvending understrekar Kåre Træen hjå Fylkesmannen. No må ein også sjå det tett i samanheng med kommunereforma.

Foto: Trond Vestre / NRK

grunn av den omstridde nedlegginga av Nessane oppvekstsenter, har dei sett seg ut Høyanger som den ideelle kommunen å høyre til. Vevring i Naustdal har også ymta frampå at dei vil byte til Flora på grunn av skulenedlegging. For grendene som syslar med slike tankar er det likevel ei lang prosess som må gjennomførast før noko kan skje formelt.

– Det må kome eit innbyggjarinitiativ og ein grunngjeven søknad til Fylkesmannen. Flest mogleg av bygda sine innbyggjarar må vere samde og vi må få ei god forståing av kvifor ein ynskjer å byte kommune, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen.

Per no har han ingen formelle søknadar på bordet sitt. Han er også klar på at for dei bygdene som er på friarferd, så må ei slik endring sjåast i samanheng med kommunereforma.

– Sjølv om slike søknadar vil køyre sitt eige løp, så vil det bli omtala i utgreiinga og tilrådinga om kommunestruktur frå oss, kommunen og vidare til departementet og Stortinget, seier Træen.

I Ikjefjorden var ikkje avgjerda samrøystes, så grendeleiaren er spent på å sjå kva som skjer vidare.

– Det blir artig å sjå kva som skjer. Ingenting er avgjort, seier Instefjord.