Hopp til innhold

Greier ikkje lokalisere gasslekkasje

Fem timar etter at lekkasjen vart oppdaga har brannvesenet framleis ikkje fått stogga gasslekkasjen på Fosshaugane Campus i Sogndal. I verste fall vil all gassen på den 150 kilo tunge tanken leke ut.

Evakuerte etter gasslekkasje på fosshaugane

EVAKUERING: Alle dei nær 200 personane i bygget vart raskt evakuerte etter at lekkasjen vart oppdaga.

Foto: NRK-tipsar

SISTE: Ifølgje fagleiaren for brannvesenet på staden kontrollerer dei no lekkasjen ved å bruke vasståke som dannar om gassen til salmiakk.

– Det er framleis lekkasje. Dei som jobbar på staden greier ikkje å lokalisere den, seier vakthavande Nina Andal ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane like før klokka 14.

Brannvesenet fekk melding om lekkasjen like før klokka 10 fredag føremiddag. Alle naudetatane rykte ut og dei mellom 150 og 200 personane i bygget vart raskt evakuerte. Ifølgje politiet kjem ammoniakklekkasjen frå eit fjernvarmeanlegg tilknytt bygget.

– Det blir jobba iherdig, og ein har også hatt inne elektrikar for å sjå på dette. Men ein greier som sagt ikkje å finne ut kor lekkasjen er, seier Andal ved Alarmsentralen.

– Det er ikkje noko målar på tanken, så ein får ikkje noko indikasjon på kor mykje som er att eller kor mykje som har kome ut. Om dei ikkje finn ut kor lekkasjen er, vil det leke til det er tomt.

Har stengt av bygget

Røykdykkarar frå brannvesenet jobbar klokka 14 framleis med å få kontroll på den 150-kilo tunge tanken med ammoniakk, og dei har ingen oversikt over kor mykje av gassen som har leke ut.

– Bygget er låst av og stengt, og folk vil vere evakuerte inntil vidare. Lekkasjen er framleis ikkje stoppa, og det blir jobba med å finne punktet for lekkasje, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 13.15.

Lekkasjen skal vere noko mindre enn den var tidlegare, opplyser politiet som har vakter på staden.

Det kan ta ei stund før folk får komme inn att, også etter at lekkasjen blir stengt.

– Når den er tetta må brannvesenet undersøke heile bygget for å sjå om det er meir gass der, opplyste operasjonsleiar Inge Værøy til NRK.no like før klokka 12.

– Bygget er no låst av og folk må halde seg unna, er oppmodinga frå politiet.

gasslekkasje ammoniakk sogndal fosshaugane

– Jobbar intenst med å få tetta lekkasjen

Ammoniakk er ein svært giftig gass som er farleg å puste inn.

– Det er framleis lekkasje av ammoniakk. Røykdykkarar frå brannvesenet jobbar intenst med å få tetta lekkasjen, sa dagleg leiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, til NRK.no like før klokka 12.

Han fortalde då at arbeidet med å få oversikt over lekkasjen, og å få tetta den er krevjande.

– Vi har førebels ikkje noko tidsperspektiv på kor lang tid dette vil ta, sa Brandsøy like før klokka 12.

Fosshaugane Campus i Sogndal blir no evakuert. Omfanget av lekkasjen er enno ukjend. Foto: Christian Blom

Ber folk halde avstand

Roy Humlestøl ved Alarmsentralen ber folk som kjenner lukta om å halde avstand frå området.

– Om ein står midt i gassen over lenger tid og i store mengder, er det helseskadeleg. Men ein kjenner lukta såpass godt, så folk som luktar gassen må komme seg vekk frå derifrå.

Verken politiet eller Alarmsentralen har fått melding om at personar skal vere skadde i samband med gasslekkasjen.

Fosshaugane Campus er eit stort anlegg der både Sogndal Fotball, Høgskulen i Sogn og Fjordane og fleire bedrifter har lokale. Over 500 menneske jobbar på anlegget.