Hopp til innhold

Greier ikkje fylle operasalen

Opera Nordfjord har så langt ikkje greidd å fylle salen under oppsettingane av stykket Flaggermusen. Men operasjefen gir ikkje opp.

Flaggermusen 14

FOR 15. GONG: Flaggermusen vart sett opp på Opera Nordfjord då dei opna i 1998. I år er det 15. gong amatørar og profesjonelle set opp stykket i operasalen på Nordfjordeid.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Til Sunnmørsposten gir operasjef Kari Standal Pavelich uttrykk for at ho er både lei seg og skuffa over besøkstala til no. På premieren var det 130 tomme seter, og på andre førestilling skal det også ha vore mange tomme sete.

– Vi ønskjer oss så klart fulle hus. Vi trudde denne oppsetjinga kunne snu nedgangen frå i fjor, men det ser ikkje slik ut enno, seier Standal Pavelich til avisa.

Opera Nordfjord feirar i år 15-årsjubileum, og stykket Flaggemusen blir sett opp for 15. gong. Operaskribent Andre Mellow er blant dei som har skrytt veldig over det operaen har fått til og meiner blandinga av profesjonelle og amatørar er unik.

Men det store publikumet ser ikkje ut til å vere like begeistra. Pavelich seier det er trist at publikum ser ut til å velje vekk eit arrangement som er gjennomført med lokale aktørar heilt frå grunnen av, og i staden vel å gå på førestillingar med til dømes Kringkastingsorkesteret eller Ole Paus i staden.

– Det er mange førestillingar i dette huset gjennom eit år. Alt kostar pengar, og eg forstår at publikum ikkje kan gå på alt. Men eg synest det er leitt at folk vel kommersielle omreisande turnear framfor ein kjempeproduksjon som dette er, seier operasjefen til Sunnmørsposten.

– Vi vil forsøke å snu det. Klarar vi ikkje det, må vi vurdere å kutte i tal førestillinga i framtida.

Årets førestilling kostar ca 4,5 millionar kroner ifølgje avisa.

Opera Nordfjord ser ut til å ha stor suksess med den nye oppsettinga av Flaggermusen. 
Operascena på Eid er også rekrutteringsarena for Den Norske Opera.