Hopp til innhold

Greenpeace aksjonerer mot oljerigg på veg mot Arktis

GULEN (NRK): Ein oljerigg som skulle segle mot Arktis i dag, vart stogga av aktivistar frå miljøorganisasjonen Greenpeace.

Aksjonistar frå Greenpeace i Gulen

AKSJONERER: Greenpeace aksjonerer mot norsk oljeaktivitet i Barnetshavet.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Vi har to aktivistar som har teke seg om bord i ein oljerigg for å gje både Statoil og riggen klar beskjed om at det er uakseptabelt å bore etter olje i Barentshavet, seier leiar Truls Gulowsen i Greenpeace.

Riggen høyrer til selskapet Sea Drill, og skulle ut på oppdrag frå Statoil. Den ligg i Skipavika i Gulen.

Politiet avventar førebels situasjonen i samråd med eigarane av riggen.

– Klimaet toler ikkje at vi borer etter olje i Barentshavet, og då må vi seie ifrå til både Statoil og det norske folk at det ikkje er greitt, seier Gulowsen.

I tillegg til dei to aktivistane som har teke seg om bord i oljeriggen, er det fleire andre miljøaktivistar seglande i kajakk i området rundt. Dei markerer aksjonen med banner og slagord.

GP0STROIK Protest against Arctic oil at Equinor oil rig

FEKK IKKJE REISE: Oljeriggen West Hercules som ligg i Skipavika har ikkje reist mot Barentshavet som planlagt.

Foto: © / Greenpeace

Aktivistane inne på riggen har teke kontakt med kapteinen, for å forklare kva dei held på med.

– Men sjefen var ikkje interessert i å prate med oss. No står vi i ein trapp inne i riggen, men vi kjem oss ikkje opp til kontora, seier Halvard Haga Raavand.

Korleis er stemninga mellom dykk og dei tilsette?

– Stemninga er forsåvidt god, men vi har ikkje fått prata med så mange endå, seier Raavand.

Statoil har varsla at dei kjem til å halde fram med den planlagde leiteaktiviteten i Barentshavet, og at aksjonen til Greenpeace ikkje får noko å seie for dei. Aksjonistane seier at dei vurderer fleire tiltak.

– Vi er villige til å setje inn ein del krefter for å stogge Statoil og planane deira, seier aktivist Karianne Opgård Andersen.

– Kva slags krefter, då?

– Det vil eg ikkje kommentere.

Har med mat og drikke

Aktivistar på riggen i Skipavika i Gulen

OMBORD: Desse to aktivistane har teke seg inn på Sea Drill sin oljerigg i Skipavika i Gulen.

Foto: Greenpeace

Greenpeace er klare til å halde aksjonen gåande ganske lenge.

– Nett no er det tusenvis av folk over heile verda som følgjer med på aksjonen via Facebook, seier Greenpeace-leiaren.

– Kor lenge tenkjer de å halde riggen tilbake?

– Så lenge som det er naudsynt. Vi har med mat, drikke og klede til å vere der i fleire dagar.

– Håpar dei gjer det i forsvarlege former

Statoil fortel at dei endå ikkje har fått stadfesta at aksjonen faktisk finn stad.

– Dersom dette stemmer, så vil eg be aktivistane om at dei gjer dette i forsvarlege former, seier Morten Ek, pressetalsperson for Statoil.

– Har Statoil tenkt å gjere noko?

– Vi har kontakt med riggeigar Sea Drill. Denne riggen skulle bore i to leitebrønner i Barnetshavet, men var ikkje på oppdrag for Statoil per dags dato.

Politiet gjer ikkje noko endå

Politiet har fått med seg kva som skjer i Skipavika, men har ikkje planar om å bryte inn i aksjonen endå.

– Det går førebels roleg og fint føre seg, og vi har ikkje planar om å gjere noko endå. Greenpeace skal få kome fram med bodskapen sin, seier Kurt Inge Hordvik ved Nordhordland politidistrikt.

Men er dette ein ulovleg aksjon?

– Ja, dei hindrer forsåvidt ei lovleg verksemd, men i samråd med selskapet kjem ikkje vi til å gjere noko endå.