Hopp til innhold

Gråver, men vellukka Kinnaspel

I helga vart Kinnaspelet arrangert for 22. gong på rad, spelet har sidan starten samla over 70.000 tilskodarar. Gråver gjorde at årets tilskodartal stansa på 1800.

Kinnaspelet eit år med godver
Foto: NRK

I år var det Toralv Maurstad som fikk æra av å opne spelet, og han sparte ikkje på godorda.

- Det skal handle om menneskeleg overskot, om talent og forteljarglede. Historia er brakt ned gjennom generasjonene, regien er ved Agnete Haaland, og kulissane er laga av Gud. God fornøyelse!

- Gjerne 22 år til

Handlinga i Kinnaspelet er henta frå innføringa av reformasjonen i 1537. Den danske futen kjem til Kinn for å gje bod om dette. Men spelet tek oss og endå lengre tilbake i tid, eitt av høgdepunkta er historia om sankta Sunniva frå Selja som blei jaga av vikingane.

Det historiske spelet er skrive av Rolf Losnegård, og har no gått 22 år på rad. Og primus motor, sokneprest Odd Stubhaug, seier at ein ikkje skal sjå vekk frå at Kinnaspelet går i 22 år til.

- Så lenge vi har det kjekt vi som spelar, og det har vi, det er ein veldig samansveisa flokk, og vi trivst med kvarandre, og vi er stolte over å vere med og skape noko.

Det var stor stemning då framsyninga var over, Agnete Haaland hadde ansvaret for regien, og rett etter framsyninga var ho høgt oppe.

- Kjempestolt

 

Agnete Haaland
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

- Eg synest det gjekk heilt fantastisk, eg er så stolt på vegner av heile Kinnaspelet, 150 menneske som gjer alt dei kan og litt til, ja, eg er kjempestolt. Det er ei stor oppleving å vere med på Kinnaspelet, for det er eit så godt spel, Rolf Losnegård har laga ein så god tekst, det handlar om sjølve livet, dei store emosjonane, om kjernen i det å vere menneske, det er eit privilegium å få vere med. Og dei fleste av dei som er med har full jobb ved sidan av, dei spring frå jobben for å vere med på prøver, dei jobbar døgeret rundt og løfter i flokk. Om det er opp til meg, kjem eg att som regissør så lenge eg kan gå

- Gløymde gråveret

I gråveret kom 1100 menneske til den fyrste av dei tre framsyningane. Men det dårlege veret gjorde at berre 700 menneske fekk med seg dei to neste. To av dei som gav blaffen i regnet var Karl Olav og Ellen Nummedal dei var og såg spelet for tredje gong.

- Av dei tre spela eg har sett, var dette det beste, veldig bra av alle.

- Og så er det fantastisk med denne dugnadsånda, folk har laga dette sjølve nesten, det er jo få profesjonelle skodespelarar med, men alle verkar like profesjonelle. I dag var det guffent ver, det var kaldt og det regna, men då spelet tok til, gløymde eg det og berre var med i spelet.

- Like spennande kvar gong

Ein annan som set pris på Kinnaspelet er Per Christian Ellefsen, han kjenner dei fleste att som Elling frå filmane. Ellefsen spelte dansk fut for tredje gong på rad.

- Eg synest det er like spennande og like moro kvar gong, sjølv no i duskregn var det ei fantastisk stemning. Det er veldig moro for meg som starta min teaterkarriere på Sogn og Fjordane Teater å få lov til å ha denne kontakten med fylket ein gong i året, så eg kosar meg veldig.