Hopp til innhold

Gravemaskin reiv delar av gangbru

Det er full utrykking frå naudetatane etter melding om ei sprekk i gangbrua som går mellom nordlege og sørlege del av Amfi i Førde.

Sprekk i Skywalken i Førde

REIV PLATER: Austgåande køyrebane er stengd under gangbrua mellom nordlege og sørlege del av Amfi i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ifølgje Firda skal ein lastebil med ei gravemaskin på lasteplanet ha tatt oppi undersida av skywalken.

– Gravemaskina tok oppi taktekkinga på Skywalken og har rive laus nokre tynne plater. No skal dette sikrast slik at det ikkje er fare for nedfall, seier innsatsleiar for politiet, Bjarte Engevik.

Bilde frå staden viser at det er ein stor sprekk under gangbrua og naudetatane er på plassen. Køyrebana som går under skadestaden er stengd, men det er omkøyringsmoglegheit på sørsida av Jølstra.

Politiet har allereie vore i kontakt med føraren av lastebilen, og Engevik seier at dei ser på dette som eit hendeleg uhell.

– Transportøren tok sjølv kontakt då vi kom, og har vist all samarbeidsvilje. Han har køyrt under brua fleire gonger, men i dag hadde han påmontert ei skuffe som bygde opp ti centimeter då han sette ned armen på gravemaskina, seier Engevik.