Hopp til innhold

Gravearbeid tok telefon og internett frå nordfjordingar

Vegarbeidarar i Eid har for andre gong på to veker teke både summetone og tilgang til verdsveven frå nordfjordingar.

Mot Stryn sentrum med snø i fjella

MISTA: Innbyggjarane i Stryn, Eid, Bremanger og Hornindal vart råka av graveskaden på Telenor sine sambandskablar i Eid.

Foto: Hildegunn Hatledal

Klokka 0818 i dag skjedde det som også skjedde 11. september. Då forsvann mobildekninga, fasttelefonen og breibandet frå store delar av Nordfjord.

– Vi har hatt ein ny graveskade på sambandet, men denne var retta klokka 12. Det som er klart er at vi no må ta kontakt med dei som gjer gravearbeidet, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen hos Telenor.

Telefon og internett

Bjørn Amundsen

TEK KONTAKT: Bjørn Amundsen og Telenor vil kontakte dei som driv med vegarbeid i Eid for å finne ut kvifor sambandskablar i bakken vart grave over igjen.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

For det er ikkje heilt uproblematisk når både tilgangen til både internett og telefon forsvinn. Verken for private eller næringsdrivande.

I dag vart 12 basestasjonar råka av feilen. Dette gjorde at mobildekninga i delar av Stryn, Hornindal, Bremanger og Eid vart sterkt redusert. I tillegg mista 248 kundar i Stryn og Hornindal fasttelefonen.

– Same feilen gjorde at 1.659 kundar i Stryn, Eid og Hornindal mista fastnett breiband, seier Amundsen.

Andre gong på to veker

Telenor ynskjer no å få på det reine kvifor noko slikt kunne skje to gonger på så kort tid.

– No skal eg vere forsiktig med å seie at denne kabelen var merkja av, men det er på det reine at veldig mykje av kabelbrotet vi har i bakken, er at det blir grave der ein ikkje skal eller at nokon ved eit uhell grov over sambandskabelen, seier Amundsen.