Grava var vekke

Torger Røkås frå Stadlandet fekk sjokk då han skulle besøkje grava til far sin på Haug kyrkje i Buskerud.

Dei hadde fjerna ei heil grav, både gravstein og planter var vekke.

- Det var sjølvsagt eit sjokk. Eg tenkte at det kunne vere hærverk, seier han.

Trudde grava skulle slettast

Men det hadde ikkje vore hærverk på kyrkjegarden. For trass i at familien i april hadde betalt festeavgifta, som gjorde at grava var festa til 2011, var ho vekke. Ein kyrkjetilsett som familien har snakka med hevdar dei hadde fått ein telefon om at grava skulle slettast, men Røkås er ikkje imponert over Haug kyrkje sine rutinar.

- Viss dei har fått ein telefon om at grava skulle slettast og ikkje kontrollert meir enn det, så er det for dårleg. Eg har sjekka dette, og dei er pliktige til å sende ut brev og varsel om sletting av grava, seier han.

Legg seg langflat

Kyrkjeverje Arne Solberg har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag. Men til avisa VG legg han seg langflat, og beklagar det som har skjedd. Torger Røkås ventar framleis på ei skikkeleg orsaking.

- Dei sa berre at grava var sletta. Nokon skikkeleg orsaking har vi ikkje fått, seier han.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.