Hopp til innhold

Ja til skulefrukost, men ikkje for ein kvar pris

FØRDE (NRK): Elevane ønskjer gratis skulefrukost velkomen, men ikkje om det går utover andre tilbod.

Eva Marie By Vikøren og Bartozs Szatkowski

POSITIVE: 18-åringane Eva Marie By Vikøren og Bartosz Szatkowski er glade for det vil bli gratis skulefrukost på Hafstad vidaregåande skule i Førde. Her kjøper dei mat i skulekantina.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Verdas beste pizza, seier ein 16-åring, medan han gomlar i seg.

Lukta av nylaga pizza gjer at køen i kantina på Hafstad vidaregåande skule er lang. Latteren sit laust.

– Det er god mat å få kjøpt her, men det bli endå betre når vi får gratis skulefrukost, seier Eva Marie By Vikøren.

18-åringen er leiar i elevrådet ved Hafstad vidaregåande skule. Ho sit saman med medelev Bartosz Szatkowski (18).

– Mange er veldig trøytte om morgonen og rekk ikkje å ete før skulen. Gratis skulefrukost er bra, seier han.

Bartosz Szatkowski og Eva Marie By Vikøren

IKKJE FOR EIN KVAR PRIS: Bartosz Szatkowski og Eva Marie By Vikøren gleder seg over gratis skulefrukost, men dei meiner det er endå viktigare å ha helsesøster og miljøarbeidar på skulen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Omstridd ordning

Finansutvalet i Vestland la denne veka fram ei tilråding til budsjett for Vestland fylkeskommune for neste år.

Der er det sett av 10 millionar kroner til å gje elevane gratis skulefrukost.

Ap, Sp, KrF, V, SV og MDG sikra fleirtal for ordninga. Trass i at Helsedirektoratet slår fast at måltid på skulen fremjar konsentrasjon og læring, og bidreg til trivsel i skulekvardagen, er gratis skulefrukost ei omstridd ordning.

Nordland var den første fylkeskommunen i Noreg til å gje gratis frukost til alle vidaregåande elevar. Seinare kom Aust-Agder etter. Mens ordninga har vorte gradvis innført i Hordaland.

Tilbake i kantina Hafstad vidaregåande skule ser elevrådsleiaren positivt på gratis skulefrukost, men ikkje for ein kvar pris. Nye Vestland slit nemleg med svært anstrengt økonomi og ulike tilbod kan blir lagde ned.

– Dersom ein til dømes må velje mellom skulefrukost og framleis ha ein miljøarbeidar på skulen, må vi velje miljøarbeidaren. Det vil vere ein skandale om det tilbodet forsvinn, seier Eva Marie By Vikøren.

Kan gå tom for energi

På eit kontor litt lenger inne i gangen møter vi skulehelsesøster Jorunn Eldegard. Ho viser til at dei fleste ungdommar er B-menneske, og at det søv altfor lite om natta. Mykje fordi sosiale media held dei vakne.

– Dei er slitne og må ofte skunde seg på skulen. Då blir det mange som ikkje et frukost. Det går utover humøret, konsentrasjonen og karakterane på skulen, seier ho.

ggg

VIKTIG: Gratis skulefrukost er veldig bra for elevane, meiner helsesøster Jorunn Eldegard ved Hafstad vidaregåande skule i Førde. Ho meiner det er viktig både for humør og konsentrasjon.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Også Nina Bygstad, rektor på Hafstad vidaregåande skule, er glad for frukosttilbodet.

I likskap med elevane meiner ho likevel at miljøarbeidaren er viktigare.

– Miljøarbeidaren er kjempeviktig for elevane sin trivsel.