Hopp til innhold

Gratis geografibøker

Cappelen har bestemt seg for å gi gratis geografibøker til elevane ved VK1 i Høyanger og Årdal. I førre veke kom det fram at forlaget i ei ny geografibok legg ned Høyanger og Årdal som industristader.

Elevane i Årdal og Høyanger får boka gratis
Foto: NRK

Lærar Marit Bukve ved Årdal vidaregåande skule er glad for at Cappelen no gjer sitt for å rette opp fadesen.

- Det er ein fin gest til elevane i Årdal og Høyanger når feilinformasjonen råkar våre samfunn at dei får gratis lærebøker som eit plaster på såret.

Grov feil om Årdal og Høyanger

Fleire tusen elevar i den vidaregåande skulen har denne veka teke i bruk geografiboka der det står at aluminiumproduksjonen i dei to industribygdene i Sogn er lagd ned. Etter at feila vart oppdaga, ville Cappelen likevel ikkje trekkje tilbake boka, og først i september vil det blir trykt eit nytt opplag.

Lappar med korrekt informasjon

Men i tillegg til at elevane i Høyanger og Årdal slepp å betale for bøkene, har forlaget no laga lappar med korrekt informasjon som skal leggast inn i bøkene, seier forlagssjef Øyvind Martinsen.

- Det er framleis feil i bøkene, men vi har laga rettelappar som lærarane ordnar med og der  alle elevane kan få korrekt informasjon om Årdal og Høyanger. Det er eit forsøk på å sette eit hyggeleg punktum for ei lei sak.

- Viktig med rett informasjon

Og for elevane var kanskje det å få ut rett informasjon om heimbygda til resten av landet det aller viktigaste, fortel lærar Marit Bukve.

- Elevane her i Årdal veit kva det handlar om, men dei var veldig opptekne av at elevane i resten av landet ikkje veit så mykje om situasjonen som dei gjer, og då var det veldig synd med feilinformasjon i bøkene.