NRK Meny
Normal

Gratis breiband? Nei takk!

Jølster og Gulen kan gå glipp av støtte til breibandutbygging fordi dei ikkje har brydd seg med å svare på tilbodet om slike pengar.

Pc
Foto: ScanStockPhoto

Kommunane har til saman fått tilbod om 1,5 millionar kroner i støtte gjennom Breibandforum, men leiar i breibandforumet Jarle Tvinnereim seier dei ikkje eingong har fått svar frå desse to kommunane.

- Vi har ikkje fått noko endeleg svar frå desse to kommunane på den eigendelen dei to må bidra med. For det er jo slik at vi har tidsfristar og må ha svar frå kommunane om dette er noko dei vil vere med på, seier leiar i Breibandforbundet, Jarle Tvinnereim.

Pengane kan gå til andre

For om Jølster og Gulen ikkje har lyst på pengane, vil Breibandforum gje dei til nokon andre i fylket. Tvinnereim har i eit brev gjeve kommunane frist til 16. mai med å svare. Skal dei få pengane må dei stille opp med ein like stor sum sjølve.

- Det er vanskeleg økonomi i mange kommunar så det kan jo vere slike forhold som ligg bak. Uansett er det slik at vi ynskjer at alle kommunane blir med på dette her slik at vi i fellesskap kan få ei best mogleg breibandsdekning i Sogn og Fjordane, seier Tvinnereim.

- Går ut frå at vi vil ha pengane

Korkje Jølster eller Gulen kommunar har noko godt svar på kvifor dei ikkje har avklara det med Breibandforum.

- Eg går ut frå at vi har lyst på pengane, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik.

- Eg veit at vi har løyvd pengane som skal matche det frå breibandforumet for at alle innbyggjarane i Gulen skal få breiband. Så eg håpar vi er i mål og eg går ut frå at dersom vi har pengar til gode som ikkje er tekne ut så svarar administrasjonen raskt på det, seier ho.

Tvinnereim kan berolige ho med at toget ikkje har godt for den halve millionen Gulen kan få enno.

- Vi kjem til å strekke oss langt for å få dei med og håpar vi kjem i ein positiv dialog med dei, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.