Hopp til innhold

Grasrota i Arbeidarpartiet er leie av Trond Giske-sakene

FØRDE (NRK): Leiinga i Arbeidarpartiet er forsiktige med å knytte dagens dårlege meiningsmåling opp mot varslingssakene i partiet. Lenger nede i partiet er det ikkje alle som er like forsiktige.

Hans Erik Ringkjøb

LEI: Hans-Erik Ringkjøb i Hordaland Arbeidarparti er lei av sakene rundt Trond Giske.

Foto: Runa Victoria Engen

– Desse sakene har teke all merksemda dei siste vekene. Vi har nesten ikkje fått prata om politikk, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Hilmar Høl.

På ei dagsfersk meiningsmåling som Norstat har utført for NRK får Arbeidarpartiet ein oppslutnad på 22,4 prosent. Det er litt fram i forhold til førre måling, men framleis godt under partisekretær Kjersti Stenseng sitt uttalte mål om å alltid ligge over 30 prosent.

– Øydelegg motivasjonen

I partileiinga har dei i dag vore oppteken av den dårlege målinga ikkje berre kjem på grunn av varslingssakene mot Trond Giske.

– Det finst ikkje noko einskild grunn til dette resultatet, seier nestleiar Hadia Tajik.

For andre i partiet er det derimot ingen tvil om at målingar lågt på tjuetalet heng i hop med dei vanskelege sakene rundt nestleiar Giske.

– Det er heilt klart. Desse sakene har skygga over alt anna, og det har gått ut over motivasjonen vår her lokalt. Vi er med i dette for å drive med politikk, seier Voss-ordførar og fylkesleiar i Hordaland Arbeidarparti Hens-Erik Ringkjøb.

I Møre og Romsdal er fylkesleiaren også klar for å leggje Giske-sakene bak seg.

– Det har vore vanskelege saker for oss, og nå må vi kome vidare, seier Per Vidar Kjølmoen.

Hilmar Høl får ståande applaus

VIL SJÅ FRAMOVER: Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil sjå framover

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Må byggje oss opp att

Rundt om i partiet er det no ei klar oppfatning av at det no ligg eit stort potensial i å prate om politikk framover, og at det er slik partiet må kome seg oppover på målingane att.

– No må vi rett og slett finne attende til urkrafta i Arbeidarpartiet. Det tyder mellom anna eit anna fokus på distriktspolitikk framover. Vi har meir enn 200 ordførarar frå Arbeidarpartiet, det syner at vi er ei kraft i heile landet, seier Ringkjøb på Voss.

Og Høl i Sogn og Fjordane er samd.

– Vi må syne kva dagens regjering sin politikk fører til, mellom anna når det er gjeld arbeidsliv. Det var vi ikkje flinke nok til å gjere i valkampen, og vi har i alle fall ikkje gjort det i år, seier Høl.