NRK Meny
Normal

Grasbrann kom ut av kontroll i Luster

Brannvesenet i Luster har rykt ut til Marifjøra i Luster. Etaten rykte ut like over klokka 17, men melde klokka 17.26 at brannen var ute av kontroll.

Laster kart, vennligst vent...

Kring 20 minuttar seinare kom meldinga om at brannen var under kontroll. Flammane skal ha svidd av eit område på kring 100x100 meter.

– Vi har kring 15 personar i sving, i tillegg til tankbil frå Sogndal og Gaupne. Det har ikkje på noko tidspunkt vore snakk om fare for at brannen skulle spreie seg til bygningar, seier vaktleiar Magni Brandsøy.

Klokka 19.30 tysdag melde politiet at dei har reist frå staden og at brannvesenet driv med opprydding. Det vil bli heldt tilsyn utover kvelden.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.