Hopp til innhold

Stor grasbrann berre meter frå kongen si fiskehytte

Brannmannskap har no sløkt ein grasbrann i Lærdal. Brannen var berre meter frå hytta som kong Harald brukar når han fiskar i Lærdalselvi.

Grasbrann i Lærdal

GRASBRANN: Eit større område på nordsida av Lærdalselvi stod i full fyr. Ei av hyttene i området blir jamleg brukt av kong Harald som fiskehytte.

Foto: Jan Erikstad

Det vil vere brannfolk på staden ei stund framover for å passe på at brannen ikkje blussar opp att.

Brannvesenet opplyste tidlegare at det er tørt og mykje vind i området.

– Vi fekk først melding om at eit område på om lag 100 gonger 100 meter var i brann, fortalde Alarmsentralen i Florø til NRK.

Alt tilgjengeleg brannmannskap i Lærdal blei sendt til brannstaden og det blei ei stund vurdert å kalle ut meir mannskap.

– Men det blei ikkje nødvendig, melder Alarmsentralen.

Det er førebels ikkje kjent kva som var årsaka til brannen.

Brannen var berre meter frå den eine av fiskehyttene som kong Harald brukar når han er på laksefiske i Lærdalselvi.

Hytteområdet er eigd av Hjermann-familien som i mange år har vore vertskap for kongen når han er på sine private fisketurar i Lærdal.

Thomas Hjermann som opphavleg er frå Lærdal, har besøkt hytta sidan han var 12 år gammal.

– Det er fælt å sjå at brannen er så nære hytta som har stått der sidan 1955, men eg håper at brannkorpset i Lærdal greier å berge ho, fortalde han til NRK medan det framleis brann på staden.

Han fortel at det har vore gjestar frå heile verda i hytta.

– Det er ikkje ei luksushytte, men ho fungerer når folk er der for å fiske. Og det som er fint. er at ho omtrent ligg i elva, seier Hjermann.

Grasbrann i Lærdal

MANNSKAP PÅ PLASS: Brannmannskapa i Lærdal rykte raskt ut til området som står i brann.

Foto: Jan Erikstad
Grasbrann i Lærdal

MYKJE VIND: Det er svært tørt i området i Lærdal der grasbrannen starta.

Foto: Jan Erikstad