Hopp til innhold

Brannen er no sløkt - driv nedkjøling og ettersløkking

Brannvesenet melder måndag ettermiddag at gras- og lyngbrannen i Fardal i Sogndal er sløkt.

Bråtebrann

BRÅTEBRANN: Det brenn i nærleiken av ein gard.

Foto: NRK-TIPSAR

Det var ei stund vare for at brannen skulle spreie seg til busetnad, og brannvesenet måtte ha hjelp frå Sivilforsvaret for å få kontroll på situasjonen.

– No melder mannskapa at dei har kontroll. Dei driv no med nedkjøling og ettersløkking, seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Jan Gunnar Holvik.

Ein del av mannskap er allereie sende heim, men det er førebels ikkje tatt stilling til kor lenge det skal vere igjen folk i området.

Meldinga om brannen tikka inn rett før klokka to etter observasjonar om røyk ved ein gard. Det brann då i eit område med skog, gras og lyng.

Politiet opplyste tidleg at det var ein bråtebrann som var komen ut av kontroll.

Måndag ettermiddag kan ikkje operasjonsleiar Per Algrøy seie noko sikkert om brannårsaka.

– Det kan vi ikkje. Politipatruljen på staden har avhøyrt ein del personar som vitne. Det blir oppretta sak som blir etterforska av det lokale lensmannskontoret, seier Algrøy.

Gras- og lyngbrann i Fardal

SLØKKER: 20 personar frå Sogndal, Leikanger og Luster deltek i sløkking. Dei får hjelp av politi og mannskap frå Sivilforsvaret.

Foto: HALVOR FARSUND STORVIK / PORTEN.NO

Lite vatn

Brannmannskap slit med lite vatn til sløkkinga opplyser alarmsentralen i Florø.

Dei får no også hjelp av ein tankbil frå brannvesenet i Luster, slik at det no er to tankbilar som deltek i sløkking.

Klokka 15.50: Augevitne fortel til NRK Sogn og Fjordane at det no verkar som røyken frå gras og lyngbrannen er i ferd med å avta.

Totalforbod

Dei fleste stadar i fylket har totalforbod mot bålbrenning på grunn av tørt terreng, men Sogn brann- og redning har så langt ikkje innført eit forbod.

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om skogbrannfare og gras- og lyngbrannfare i Sogn og Fjordane. Det har vore fleire store brannar i terrenget i Sør-Noreg dei siste dagane. Anne Rygh Pedersen i DSB ber folk om å ikkje ta sjansar.

Laster Twitter-innhold