Hopp til innhold

Granskar seg sjølve etter ulukke

Leiinga ved Havyard Leirvik vil opprette ein intern granskingskomite. Gruppa skal gå gjennom rutinane ved verftet etter dødsulukka måndag morgon.

Havyard Leirvik
Foto: Ragnhild Eikenes / NRK

Ein polsk arbeidar omkom i ulukka ved skipsverftet i Leirvik. Han døydde av oksygenmangel. Dei to andre fekk hjartestans av same grunn, og er no innlagde på Haukeland sjukehus i Bergen der dei får intensiv behandling.

Tilstanden er framleis kritisk, men stabil. Dei to polakkane er 30 og 43 år, opplyser sjukehuset måndag ettermiddag.

 

Rolf Aamot
Foto: MMSfoto: Cosmin Cosma / NRK

Granskingskomite

Verftsdirektør Tor Leif Mongstad seier at den interne granskinga vil starte alt tysdag morgon. Det vil verte oppretta ein eigen granskingskomite som skal gå gjennom alle tryggleiksrutinar. Verneombod, leiinga og tilsette i ulike funksjonar skal vere med i gruppa.

- Det er slike ulukker vi prøver å unngå, og dette skal vi evaluere skikkeleg. Vi skal bli betre i alle ledd, lovar Mongstad.

10 nasjonalitetar

Kva slags verneutstyr som vart brukt og om rutinane vart følgde i Leirvik måndag er uvisst. Men det som er sikkert er at tryggleikshandboka berre finst på norsk. Ved verftet jobbar det folk frå 10 ulike nasjonar og Mongstad seier at dei viktigaste delane er omsette til fleire språk.

- Om dette ikkje er godt nok vil vi sjølvsagt endre på det. Men dette må sjølvsagt evauleringa gje svar på, seier Mongstad. Han kan ikkje svare på om delen som omhandlar arbeid i tankar er omsett til andre språk.

Ombygging av isbrytar ved Havyard Leirvik
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Seriøs bedrift

Dei tre polakkane dreiv med arbeid på ein tank ombord på ein isbrytar som er under ombygging i dokken.. Alle er polske og jobbar for eit firma frå Polen. Representantar frå firmaet kjem til Norge måndag kveld, og direktøren seier at dei så fort som mogeleg også vil syte for at familiane får kome til Norge. Alle tre har koner og born heime i Polen.

Mongstad seier at det polske firmaet som dei tre polakkane jobbar for er seriøst. Selskapet har lang røynsle frå fleire norske verft og var i ferd med å avslutte oppdraget sitt ved Havyard Leirvikl

Skulle hjelpe arbeidskameraten

Politiet fekk kvart på ni måndag morgon melding om at tre personar var funne medvitslause i ein skipstank.  Men det var berre ein person som jobba i tanken då ulukka skjedde.

- Det kan tyde på at mannen har falle ned i tanken, og så har dei to andre gått ned for å hjelpe, seier politiførstebetjent Rolf Aamot. 

Polakkane dreiv med sveisearbeid på tanken og det var ikkje utslepp av giftige gassar. Dermed  tyder alt på at alle tre vart råka av surstoff-mangel.  Kor lenge dei har lege i tanken er uvisst.  Ifølgje Aamot døydde mannen som omkom av surstoffmangel.

Ambulanse utanfor Havyard Leirvik
Foto: Cosmin Cosma, NRK

- Vanskeleg redningsarbeid

Aamot rosar redningsmannskapa for jobben dei gjorde. Dei skadde vart først tekne hand om av industrivernet på bedrifta, før ambulansane kom fram. Det tok om lag tre kvarter å få ut dei skadde.

- Mange følte nok at det gjekk lang tid frå ulukka vart oppdaga til vi fekk dei skadde opp av tanken. Men det var ekstremt vanskeleg redningsarbeid, og dei skulle opp av tanken gjennom eit lita luka med båre, mannskap og utstyr. Dei gjorde ein kjempejobb dei som var involverte, seier Aamot.

Informerte tilsette

Arbeidet ved Havyard Leirvik vart  ikkje stoppa som følgje av ulukka. Men måndag føremiddag vart det halde eit kort allmannamøte der dei tilsette vart orienterte om ulukka.

På ein pressekonferanse litt seinare opplyste direktør Tor Leif Mongstad at kollegaene i det polske selskapet har fått tilbod om å gå heim for dagen. I tillegg vart det jobba med å få tak i ein katolsk prest. Dei andre tilsette fekk også tilbod om hjelp viss dei ønskte det.