Hopp til innhold

Helse Førde blir granska for mogleg lovbrot

Helse Førde blir granska for moglege lovbrot etter dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet i fjor haust.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FUNNEN DØD: Veronica Heggheim Stegegjerdet blei funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal i november i fjor.

Foto: Halvor Farsund Storvik / Privat / NRK

– Grunnen er at Helse Førde som verksemd har meldt saka inn til Statens helsetilsyn, og ein har vurdert at ein skal undersøke saka nærare, seier assisterande fylkeslege i Hordaland, Jo Kåre Herfjord, til NRK.

22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet blei meld sakna frå heimen sin i Årøy i Sogndal 28. oktober i fjor, og 16. november blei ho funne drukna i Barsnesfjorden. Ein mann i 40-åra er sikta for falsk forklaring i samband med dødsfallet.

– Alvorleg hending

I brevs form kallar Helsetilsynet saka for ei alvorleg hending. NRK veit at det mellom anna dreier seg om det blei fanga opp i Helse Førde at ho ønskte hjelp til å kome seg ut av det belasta miljøet ho var ein del av.

Det er fylkeslegen i Hordaland som behandlar saka mot Helse Førde.

– Saka gjekk i utgangspunktet tilbake til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, men dei har vurdert at dei kan reknast som inhabile i saka, og då er vi utpeika som såkalla setjefylkesmann, seier Herfjord.

Vil hente inn opplysningar

Etter det NRK kjenner til er årsaka til inhabiliteten at ein tilsett hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tidlegare har jobba med helsehjelp til Veronica i Helse Førde.

Jo Kåre Herfjord

GRANSKAR: Assisterande fylkeslege i Hordaland, Jo

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi er nok ikkje komne så langt at vi kan trekkje nokon konklusjonar. No vil vi opplyse saka, og vårt fokus er jo om det har skjedd noko i helse- eller omsorgstenestene til denne personen,

– Men kan det kan bli aktuelt å hente inn opplysningar frå behandlingsinstitusjonar som denne pasienten har vore på i tillegg til Helse Førde?

– Ja, om vi ser at det er noko vi må sjå nærare på, så kan det bli aktuelt.

Taust frå Helse Førde

Helse Førde vil ikkje kommentere saka før den er avgjort. Veronica sin familie er orientert om at NRK omtalar saka, men dei ønskjer heller ikkje å uttale seg no. Herfjord seier at dei ikkje vil konkludere om det har skjedd lovbrot før om tidlegast eit par månader. Men han meiner at saka syner at varslingsrutinane fungerer.

– Det ligg jo i denne varslingsordninga til Statens helsetilsyn som gjeld for spesialisthelsetenesta at dei skal melde frå ved såkalla alvorleg hending. Det kan til dømes dreie seg om dødsfall, seier Herfjord.