Granat i turområde

Ein turgåar fann ein granat i eit populært turområde ved Bekkjavatnet i Førde.

Henning Olset var på søndagstur då han trakka på noko hardt som viste seg å vera gamal rusten ammunisjon frå andre verdskrigen, skriv avisa Firda.

Politiet tilkalla ein sprengstoffekspert frå Haakonsvern i Bergen for å få ufarleggjort granaten.