NRK Meny
Normal

Grå og våt avslutning på haustferien

– Det blir ein ruskete og våt ettermiddag og kveld på Vestlandet, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli.

Regn på bilrute

REGN I VENTE: Lågtrykka kjem som perler på ei snor inn over Vestlandet.

Foto: NRK

Ein front er på veg inn over Vestlandet, og den sørger for godt med regn. Det blir sørleg opp mot sterk kuling på kysten og liten til full storm ved Stad.

– Det blir ikkje noko særleg betre laurdag heller. Det vert framleis pålandsvind, ein sørvest liten til stiv kuling, sterk kuling ved Stad, kanskje liten storm. Det blir regnbyer og tungt skydekke heile dagen, seier Fagerli.

Det vert godt med nedbør laurdag, og nedbøren kjem til å halde fram sundag også.

– Då går regnbyene over til regn. Det blir mykje skyer og dermed også ei nokså grå avslutning på haustferien, seier Fagerli.

Bølge av lågtrykk

Heller ikkje i neste veke er det betring i vente.

Geir Ottar Fagerli

LÅGTRYKK I KØ: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

– Det kjem stadig nye lågtrykk, og neste veke er ikkje noko unnatak.

Lågtrykket som sørgar for nedbøren no i helga er restar av ein gammal tropisk orkan.

– Det skjer igjen på måndag – tysdag. Då får vi mest sannsynleg inn restar av ein ny tropisk orkan.

Lågtrykka kjem med andre ord som perler på ei snor.

– Det er berre å stålsette seg. Måndag – tysdag så kjem mest truleg etterdønningane av orkanen Ophelia. Tidspunkt og plassering er framleis litt usikkert, men det er alltid eit lågtrykk på lur. Det er vi sikre på, ler Fagerli.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.