Hopp til innhold

Gøymde cannabisplanter bak sofaen og køyrde med 2,11 i promille - no må mannen i fengsel

Mannen hadde 2,11 i promille då han køyrde ned eit skilt. Då politiet dukka opp heime hjå mannen vel ei veke seinare, prøvde han å gøyme cannabisplanter bak sofaen.

Det var i juni i år at mannen køyrde ned eit skilt i Nordfjord.

I retten forklarte mannen at han hadde starta å drikke ei litersflaske med vodka i 15-tida på dagen. Dette heldt han fram med til klokka 18, då mora hans kom heim. Då ho skulle på butikken, tok ho med seg sonen, då ho ville halde eit auga med han sidan han var svært rusa.

Sa han ville høyre på musikk

Medan mora var inne på butikken, hevda mannen at han berre ville høyre på musikk, og flytta seg frå passasjersetet til førarsetet for å slå på tenninga. Då skal bilen ha sett seg i rørsle, og mannen forklarte i retten at han då tråkka på ein av pedalane. I retten sa mannen at bilen rygga bakover, ut frå parkeringsplassen og inn i ein skiltstolpe.

Men dette stemde ikkje overeins med vitneforklaringar og biletmateriale teke på staden. Mora til mannen forklarte at bilen stod parkert med fronten mot vegen då ho gjekk inn for å handle, og då ho kom ut, stod bilen med fronten opp mot skiltstolpen med motoren i gang. Dette vart også stadfesta av eit anna vitne.

Begge vitna stadfesta at mannen i 20-åra gav gass slik at bilen køyrde lenger fram, noko som førte til at skiltet vart køyrt ned og bilen hamna på fortauet.

Retten fann det dermed bevist utover rimeleg tvil at mannen sette bilen i rørsle medan han hadde ein promille på 2,11.

Prøvde å gøyme cannabisplanter

Då politiet vel ei veke etter hendinga troppa opp på døra for å hente inn vitneopplysningar i samband med ein brann, fann dei mannen ståande med ryggen til dei, bøygd over ein sofa i stova til mora.

Då politiet bad mannen om å snu seg, såg dei to cannabisplanter som mannen hadde freista å gøyme bak sofaen. Plantane vart målt til å vere mellom 15 og 20 centimeter høge.

Mannen innrømte forholdet og fortalte at han dyrka fram plantane av to frø som han hadde fått frå ein venn frå Polen. Han stadfesta også at han visste at plantene ikkje var lovlege, samt at han hadde røykt marihuana eit par gonger, og at han kunne ha røykt blada frå dei aktuelle plantene dersom dei hadde fått vakse seg ferdig.

Retten konkluderte med at køyringa i rusa tilstand vart styrande for straffutmålinga, men at dyrkinga av cannabisplanter vart vurdert som straffskjerpande omstende.

Mannen må no sone 36 dagar i fengsel, samt betale ei bot på 5.000 kroner. Mannen mister også førarretten i to og eit halvt år.