Hopp til innhold

Gourmetmat for vanlege folk

Gourmetkokken Ole Jonny Eikefjord er i desse dagar aktuell med si eiga kokebok. Eikefjord står bak restaurantar i Oslo som Eik, Fjord og Eik Annen Etage.

Ole Jonny Eikefjord og Karianne Nessen

Ole Jonny Eikefjord og Samlaget-redaktør Karianne Nessen

Foto: Ragnhild Eikenes / NRK

- Dette er ein draum eg har hatt sidan eg vart kokk.

- Når ein er kokk og serverer mange gjestar, forsvinn det ein lagar ned i magen på folk. Men her har eg noko handfast som ikkje forsvinn, seier Eikefjord.

- Enkelt og godt

Gourmet for folket
Foto: Ragnhild Eikenes / NRK

Kokken frå Førde har skrive ei bok som er ein gourmetkokebok for folket. Ei bok der vanlege folk kan kjøpe inn råvarer, lage ein trerettars meny og servere gjestane på same dag.

- Greier vanlege folk å lage gormetmat ?

- Ja, denne boka er basert på enkle ting. Det skal vere godt, og ikkje ta for lang tid å lage.

- Råvarene ein treng finn ein i vanlege butikkar. Til nokre av rettane treng ein råvarer frå ein asiatisk butikk, men det er det jo etterkvart på dei fleste plassar, seier Eikefjord.

- Eg lagar ikkje kokebok for kokkar, men for vanlege folk. Dei som er kokkar treng ikkje kokebok.

Bokslepp

Lanseringspartyet for 'Gourmet for folket' vart halden i restauranten Fjord.

Foto: Ragnhild Eikenes / NRK

10 rettar

Boka inneheld oppskrifter på 10 trerettars menyar og 10 smårettar ein kan plusse på med for å få firerettars meny. I tillegg skriv Eikefjord litt om ost og vin.

- Vinen eg skriv om finn ein i basisutvalet til Vinmonopolet, så den skal ikkje vere vanskeleg å få tak i, seier han

Lanseringspartyet vart halden restauranten Fjord . Der serverte Eikefjord smakebitar frå oppskriftene i boka saman med sjampanje og vin. Der var og ein DJ og ein saksofonist som spelte for gjestane.

Mellom gjestane var Thomas Alsgaard og kjendiskokk-kollega Terje Næss.