Hopp til innhold

Gøril skal rekonstruere grufullt drap - og då treng ho deg

Det grufulle Kristidrapet på Vangsnes skal rekonstruerast av NRK-programmet Nomino 8. oktober. Men redaksjonen treng statistar – og utstyr.

Gøril Grov Sørdal

GLER SEG: – Eg gler meg til å filme i heimbygda. Historia om Kristidalen blir spennande å rekonstruere, seier Gøril Grov Sørdal.

Foto: NRK

– Vi treng kvinner og menn, i alle aldrar, men helst 13 år og eldre, seier Gøril Grov Sørdal.

Vangsnes-jenta er programleiar i Nomino, programmet som tek for seg namn og korleis namn vert til. I andre sesong skal programma handle om stadnamn, og opphavet til desse.

– Vi ser at mange stadnamn har opphav i grufulle ting som har skjedd, både drap og ulykker. I det eine programmet tek vi dette opp, og då valde eg å bruke ei historie frå heimbygda mi for å illustrere, seier Sørdal.

Tok bjølla til bjøllekyrne

Kjærastmordet i Kristidalen er ei gammal segn som har gått på folkemunne på Vangsnes i årtider.

Kristidalen ligg mellom Feios og Vangsnes. Segna fortel om ei ung budeie, Kristi, som vart gravid med kjærasten. Dessverre var han fint lite interessert i å bli far, så han fekk det for seg at han skulle kvitte seg med Kristi.

Kjærasten tok bjølla av bjøllekyrne og gøymde seg i ei ur. Då Kristi lokka på kyrne, men ingen av dei kom, tok ho til å leite. Då ringde kjærasten med bjølla og fekk lokka jenta til seg. Kjærasten slo Kristi i hel og gøymde ho i ei ur.

Hopperstad stavkyrkje i Vik

BLIR SCENE: Rekonstruksjonen av Kristidrapet vil skje i Hopperstad stavkyrkje. Her fotografert for fleire år sidan. No er blodbøka på nedsida av kyrkja vekk.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Liket heldt fram med å «leve»

Han gjekk jamleg til grava, men det synte seg at liket slett ikkje ville la seg gøyme. Det var som om liket levde, og kvar gong han kom forbi, stakk det opp både armar og bein, som han visst nok kappa av.

Liket vart funne fleire år seinare av ein jeger som såg ein arm som stakk opp.

Etter gammal overtru, hengde ein opp eit bein frå liket i Vangsnes kyrkje og fekk karane i bygda til å passere under. Dersom det draup blod av beinet, var mordaren funnen.

På Vangsnes skjedde det ingenting, så beinet vart flytta til ei kyrkje i Feios, der same prosedyre vart køyrt.

Drapsmannen til Kristi var den siste i rekkja av menn som gjekk under beinet – og idet han var rett under, draup blodet.

Treng info, statistar og utstyr

– Det er fleire variantar av segna, det eine seier at han måtte bøte med livet, medan det andre seier at han måtte byggje ein svær mur, fortel Sørdal.

Etter gammal overtru, hengde ein opp eit bein frå liket i kyrkja og fekk karane i bygda til å passere under. Dersom det draup blod av beinet, var mordaren funnen.

Ho vil gjerne komme i kontakt med folk som kjenner segna godt (sjå kontaktinfo i faktaboksen). Redaksjonen treng også statistar og diverse utstyr, og Sørdal håpar vikjene kan hjelpe.

– Har du ikkje klede sjølv, så still opp. Det fiksar vi, seier Sørdal.

Opptaket til Nomino skal gjerast i Hopperstad stavkyrkje i Vik, for å få ei fin historisk ramme rundt historia.

– Vi treng lokale statistar, gjerne nokon staute karar, for vi må kunne leggje drapsmannen i bakken på slutten, seier Sørdal, med eit glimt i auga.