NRK Meny
Normal

Gøran Wigum på prøvespel hjå svensk toppserielag

Gøran Wigum (23) er sogndøl, men har dei siste åra spelt fotball i Kongsvinger. No har han vore på prøve hjå Gefle IF, som spelar i Allsvenskan.

Morten Wigum debuterte for Kongsvinger mot Odd Grenland.

VEL TRE ÅR I KONGSVINGER: Gøran Wigum debuterte for Kongsvinger mot Odd Grenland og Frode Johnsen. Men siste året har laget spelt i 2. divisjon.

Foto: Lasse Andreassen/Kil.no

Onsdag kveld var han på veg heim til Norge og Sogndal, der han har tenkt å vere hjå mor og far til over nyttår.

– Opphaldet i Gefle var veldig bra, og eg fekk positive tilbakemeldingar. Men eg må vel vente nokre veker før eg får svar på om dei vil ha meg, seier Gøran.

Gefle IF vart nummer 14 og tredjesist i Allsvenskan i år og måtte spele kvalifisering for å halde plassen. Det greidde dei.

Gefle IF held til i kystbyen Gävle, nokre mil nord for Stockholm.

Fekk skryt av Nordlie

Gøran Wigum har sidan våren 2011 spelt for Kongsvinger. Då var det tidlegare storlaget frå Hedmark i 1. divisjon, og han fekk debuten sin i mai det året i ein cupkamp mot Odd Grenland.

Dåverande Kongsvinger-trenar Tom Nordlie spådde Wigum ei stor framtid, men karrieren hans har ikkje akkurat teke av i dei tre og eit halvt åra som har gått sidan Nordlie sa at han snart er eliteseriespelar.

– Godt nøgd med eigen innsats

For laget hans gjekk i fjor den tunge vegen ned i 2. divisjon, og der må dei vere også neste år, for det vart berre fjerdeplass i år. Men sjølv meiner Gøran at han har hatt ein god sesong.

– Eg var tilbake etter skade i mai, og i haust har eg spelt veldig bra. Eg er godt nøgd med eigen innsats.

Kontrakten hans med Kongsvinger gjekk ut etter denne sesongen. Han fortel at to-tre norske lag også har teke kontakt med han i tillegg til Gefle IF, men han vil ikkje ut med namn.

– Er Sogndal mellom desse?

– Nei.

– Om dei tek kontakt, kva seier du då?

– Sogndal er heimplassen min, så om eg hadde fått eit tilbod ville eg iallfall ha vurdert det.

– Har fått innspel

Sportssjef Håvard Flo i Sogndal Fotball seier at dei har fått innspel på Wigum, og at han er mellom spelarane dei vurderer med tanke på 2015-sesongen.

– Han er ein lokal gut som har vore i miljøet vårt tidlegare, og vi tek namnet hans med i den prosessen vi er inne i. Men det er for tidleg å seie noko om kor aktuelt det er for oss å gje han eit tilbod.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser