NRK Meny
Normal

Taubana frå Harastølen er blitt restaurant

Restauranten til Aslak Dalehaug kan lokke noko ingen andre har på «menyen»: Taubane!

Harastølen-gondol prydar restaurant

HISTORIE MED KJÆRLEIK: Gondolen frå Harastølen i Luster lever vidare som restaurant i Stavanger.

Foto: Privat

– Eg tenkte: «Endeleg skal taubana komme heim!» seier ein lattermild Dalehaug.

Lustringen Aslak Dalehaug driv restauranten «Tango» og restauranten «Fish & Cow» i Stavanger men vaks opp i Luster og flytta først til Stavanger som 12-åring. For å gjere restauranten meir spesiell – han ville hente ein smakebit av historie frå heimbygda.

– Vi kalla den for «taubanao» heime i Luster. Det må seiast slik, ler restauranteigaren.

Frå raud til blank

I sommar var han på ferie i Luster. Då var den eine bana vekk, men den raude hang der framleis.

Benken i gondolen

HISTORISK REISE: Gondolen er blitt pryda med benkeplass for fire og direktetelefon til baren.

Foto: Privat

– Eg sa eg ville ha den. Det fekk eg, men eg måtte ta den ned sjølv, var kriteriet, seier Dalehaug.

Vel framme i Stavanger starta arbeidet med å restaurere gondolen. Bana har forfalle i takt med resten av byggmassen på Harastølen, og var rusta og tapt farge.

Mor hans, som i 1955 reiste til Luster for å jobbe på sanatoriet, kunne fortelje at taubana fekk gul og raud farge då Harastølen vart psykiatrisk institusjon. Før det var bana blank. Difor har Dalehaug sett taubana tilbake til opphavleg stand, med blank farge.

Harastølen-gondol prydar restaurant

RUSTA OPP: Frå å ruste vekk er gondolen blitt rusta opp, og prydar restauranten Fish & Cow i Stavanger.

Foto: Privat

Mor + Luster = kjærleik

– Mor mi jobba i Luster. Etter kvart vart det «love is in the air» med far min. Eg veit ikkje kva dei har halde på med i taubana, men dei har i alle fall tatt den mange gangar, ler Dalehaug.

Taubana vart opna torsdag med 100 personar på «Fish & Cow». Det var sjølvsagt mor og far til Aslak Dalehaug som klipte snora.

Taubana vart opna av foreldra

AVDUKING: Foreldra som fann kvarandre i tabana, var naturlege 'snorklipparar' då gondolen skulle opnast.

Foto: Privat

– Det var nesten slåstkamp om å få komme inn i taubana, ler Dalehaug.

Han har også fått tak i telefon frå krigen som kan sveive i gang.

– Då kjem du rett i baren så du kan bestille, seier den lattermilde lustringen.

No håpar han kjærleik blir sentralt vidare for gondolbana.

– Eg sa at førstemann som frir i taubana skal få eit gratis måltid, men det har ikkje skjedd enno, seier Dalehaug medan latteren trillar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast